Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

tirsdag 12. januar 2010

Litt meir feiring og uventa pakke i posten.

IMG_4620

 Her ein dag kom det uventa pakke i posten…eller heilt uventa var den vel ikkje for eg hadde jo besstilt da sjølv frå usa. Den 16 november retter sagt og så kom pakken rett før helga. Er ikkje rart at den liksom var litt uventa då. Så no har eg masse fint arbeid framføre meg.

 

 

IMG_4623    IMG_4625

Litt meir bursdag feiring hadde me på fredag. Hallvard og Sondre feirde i lag og hadde alle gutane i klassen på besøk. Ei veninde av meg hadde laga Gråtass kake, som betaling fekk ho eit par med strikkavottar. Tusen takk Helga:)

    IMG_4637 IMG_4638 IMG_4640

Seinare på kvelden fekk me besøk av denne vesle kvelpen. Ein liten terrier på 12 veker. Du skal tru Tassen var i hundre. Kvelpen var utrleg fin. Nesten so ein ikkje hugsar at Tassen har vore så liten ein gong. Men jammen var det mykje styr og når han var så liten. Masse pass, nett so å ha ein baby i hus. I dag er kvardagen mykje lettare. Han går til døra nær han vil ut. Og når han kjem inn att legg han seg framfor ovnen……og kosar seg..

4 kommentarer:

  1. Oi, så lekkert garn du har kjøpt! Og bursdagskaka var jo kjempefin :)

    SvarSlett
  2. Ååå garnet!!! meir info!!!

    kaka var kjempeflott! og voffsen og!
    ååå nydelig!;)

    SvarSlett
  3. Gratulerer!!! Du vant :) Ser ut som du kan vente deg enda ein overraskelse i posten.. hehe.. Eg treng adressa di, så om du sender den til meg på mail, så hadde det vore flott :)

    Ha ein fin kveld!

    Bea

    SvarSlett
  4. Å, for et kjempelekkert garn!!

    SvarSlett