Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 27. mars 2009

Bird foot og handel

Endeleg var Birdfoot sokkane ferdige. Men tenk å leggja so mykje arbeid i nokre sokkar. Det er nesten slik at eg må bruka dei med andakt.

Då eg var nett innom ekstrajobben min, så måtte eg nett ha...... med meg litt i dag og....det er farlig å ha bijobb på garnbutikk når ein er "avhengig". Hubroen skal bli ein hals, mandarinen vaskeklut og mirasol hacho veit eg ikkje heilt kva eg skal bruka det til. Måtte bare ha det..........Fint arbeid i helga etter at me har feirt 15 årsdag i huset.
Ha eit flott helg allesaman.....det skal eg.......kansje eg får tid til litt skigåing og denne helga....kven veit, kven veit.....

4 kommentarer:

  1. Kjempelekre. Dei skal du vera stolt av. Masse flott garn du har kjøpt deg. Ha ei fin helg:)

    SvarSlett
  2. Eg er heilt imponert over dei sokkane....so masse arbeid. Men so er dei no kjempefine , då.....må brukast med andakt.
    Flott garn, vert fleire fine ting her.....
    God sundag!

    SvarSlett
  3. so heldig du er som jobbar i garnbutikk, det må være draumejobben!! herlige fargar på garnet, og nydelig flotte sokkar!!! absolutt!

    eg har sendt garnet ditt, det gjekk i posten fredag, skal bli spennande å sjå kor lang tu\id det brukar opp til deg;)

    SvarSlett
  4. Det var riktig lekre labber, nesten så du kan ha dei til pynt:)

    SvarSlett