Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 2. august 2013

Flatbrehytta 994 moh.

juli 2013 040

I dag gjekk turen til Flatbrehytta i Fjærland. Eg har gått turar på 3.5 timar på det meste, men då har eg enda heima att. Men denne gongen skulle eg gå så mange timar berre ein veg. Det står 2.5 til 3 timar opp i opptur boka. Eg brukte nesten 4 timar. Ned att brukte eg 2 timar, nett slik som det stod i boka at eg skulle bruka.

Turen startar på 23 moh og endar på 994 moh. Så det seier seg sjølv at det berre er opp over bakkar. Nokre tyngre enn andre. Store delar av turen går inni dalen og i skog. Ein skal ganske høgt opp før ein får litt meir å sjå.

juli 2013 041

Langt der nede ser ein Fjærland.

juli 2013 043

Gjett om eg var glad då eg såg denne hytta. For eg trudde eg skulle endå lenger opp, men tilfeldigvis snudde eg meg til venstre og såg hytta. Trur det er lengesidan eg har vorte så glad for å sjå målet.

juli 2013 047juli 2013 045juli 2013 048

Flott utsikt.

juli 2013 050juli 2013 052

Kjekt med sjølvutløysar på fotoapparatet, når ein er aleina på tur. Denne gongen og utan hunden. Han var nok ikkje blid på meg, då eg tok på meg turkle og ikkje fekk vera med. I dag har han kneka på meg heile dagen, sikkert redd for at eg skal gå nokon stad utan han Smile Men i dag har eg ikkje tenkt meg så lang. Litt små stiv i beina og ei nattevakthelg som startar om ein time.

juli 2013 054juli 2013 055juli 2013 056juli 2013 057juli 2013 061

På veg ned att, ein liten pause for å kvila slitne bein. Ein flott tur som kan gåast fleire gongar. kanskje eg då må ta med meg nokon Smile

6 kommentarer:

  1. Du er jammen tøff! Jeg skulle gjerne fulgt deg på turen og hadde nok trengt den tida du brukte, minst. Denne gangen var det fint å bli med via bilder og tekst.

    God nattevaktshelg!

    Klem

    SvarSlett
  2. Så sprek du er! Fantastisk utsikt der oppe. Er det del av eit opplegg med postar du skal gå, eller går du "berre for moro"?
    Eg er med på "Fjellgeit" i regi av Gold's og Årdal turlag, og held meg så vidt inne på lista. Skulle ha klatra litt oppover - men sofaen og spøtet freistar også :o)
    http://goldsgymardal.no/fjellgeit2013/

    SvarSlett
  3. Så sprek du er som tar ivei, og så helt aleine da!!! Flott vær og fin utsikt, vi bor i et vakkert land!!

    SvarSlett
  4. Ser ut som en flott tur!
    Måtte ha turt å legge i vei alene sånn som deg ;)
    Er ikke alltid like lett å få med unger og mann her...

    SvarSlett
  5. Fantastisk prestation!
    Du är beundransvärd ... och ensam !!!
    Underbar utsikt!
    God fortsättning!
    Kram från Finland :)

    SvarSlett
  6. Du er sprek! Jeg lengter etter å gå i fjellet, det ser deilig ut.

    SvarSlett