Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 23. juli 2012

Endelege ferdig med gensaren.

Juli 2012 053Juli 2012 054

Endeleg ferdig! Denne satarta eg på tidleg i januar og tenkte at dette var fort gjort. Berre masse glattstrikk (lett tvstrikk) før felling og mønster. Men neidå dette tok tid, nettopp fordi det er så mykje anna fint å strikke…..og eg ikkje har lert å gjera meg ferdig med ein ting før eg startar på noko nytt. Ja ja eg er vel ikkja aleina om å ha det slik Smilefjes

Juli 2012 052

Mønsteret er frå drops/garnsudio sine sider. Og garnet eg har brukt er drops sin alpaca. Greit garn å strikke med. Fine fargar har det og.

No har eg starta på ferieveke 2. Og nett no regnar det ikkje. Faktisk bra klestørk. Noko me ikkje har hatt for mykje av i det siste.

Denne veka tek me turen til Ålesund, fyrst må berre mannen gjere seg ferdig med ein date med Bruce…. Og sidan me skal til Ålesund, er det nokon som kan anbefala nokre fine garnbutikkar. Mest truleg så skal me køyre opp til Raumaullvare på onsdag, noko som skal bli spennande.

Juli 2012 037Juli 2012 038

Tilslutt må eg berre slenge ved nokre bilder frå Fimreite og sognefjorden. Bilde er tatt langt oppi lia over Fimreite og inn over fjorden. Jammen ein fin plass me bur på.

Ha ei fine veke alle saman.

3 kommentarer:

  1. Flott gensar, kjenner dette med å begynne på noko nytt. Har bestemt meg at denne veka skal eg berre gjere ferdig påbegynte ting. Har gått bra så langt, Fortsatt fin sommar.

    SvarSlett
  2. Den var flott, og er sikkert lett og god i det garnet. Jeg har også strikket en del av Drops sitt alpakka, men liker det ikke så godt som Sandnes sitt, men helt greit;)
    Her har vi fått 15 gr, juhuu!
    Kos dæ i Ålesund, klem;)

    SvarSlett
  3. Flotte bilder av fjell og fjord! Ingenting slår det. Lekker genser! Likte både mønsteret og fargene. Får håpe du ikke trenger å bruke den før til høsten.
    Her er det blitt 20 grader i dag, så nå er jeg optimist.

    God tur til Møre og Romsdal! Det er vakkert der også. Kos deg i garnbutikkene! Det finnes ikke bedre snop!

    Klem

    SvarSlett