Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 27. februar 2012

Fjellsportfestivalen 2012.

Februar 2012 008Februar 2012 090

Lite strikking den veka som gjekk, sidan det var vinterferie. Og fleire av dagane vart tilbringa på ski. Desse bildene er frå laurdagen då det var Kinesiskutfor for juniorar og seniorar. Dei vaksne brukte 2 –2.5 timar opp og berre nokre få minutt ned att.

Februar 2012 009Februar 2012 010

Starten gjekk frå den toppen midt i bildet, på bildet til høgre… Ungane starta og midt i bildet men rett framfor den stripa med tre.

Februar 2012 061Februar 2012 062

Her kjem elste guten i mål. Flinke store guten min.

Februar 2012 105

Minste guten var ikkje gammal nok til å delta, så han var ein liten tilskodar. Men me koste oss i målområdet med grilling og kinamat. På Kinesiskutfor treng ein og kinesisk mat Smilefjes

Februar 2012 165Februar 2012 169

I helga hadde me og besøk av denne karen med familie. Dei koste seg i lag desse to hundane. Sjølv om me var litt skeptiske til korleis det kunne gå. Men alt gjekk fint.

4 kommentarer:

  1. Høres ut som du har hatt det hyggelig på vinterferie:) Søte hunden da!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja me hadde ein fin ferie. Nokre dagar med sol, nokre med snø og regn.

      Slett
  2. Så morsomt det høres ut med kinesisk utfor! Det har jeg aldri vært borti før.
    Fint vær og folkefest. Kjempegøy med sønnen som deltaker, og noen må også se på. Ha ei fortsatt fin uke!

    SvarSlett
  3. Kinesisk utfor er når alle startar på likt og fyrstemann i mål vinner.

    SvarSlett