Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 10. juni 2011

Nøstebarnstrikk.

IMG_9091

Ting tek tid, for tida. Ingenting vert gjort, verken ute eller inne. Ute så berre regnar det, så då er det ikkje kjekt å vere ute. Dette skulle då resultert i mykje strikketid, men det vert ikkje strikka ein gong. I alle fall veldig lite. No skulle eg eigentleg ha vore på seinvakt, men sit heima me ilt i ryggen etter å ha løfta svigerfar opp att frå gulvet. Så i kveld har eg strikka ferdig hua til denne jakka. Jakka har lagt ferdig nokre dagar og er ferdig vaska. No er det berre å vente til mottakaren kjem til verda, i desse dagar.

IMG_9093IMG_9094

Mønster: 1909, Strikk til Nøstebarn.

Garn: Merinoull 2.tråds frå Nøstebarn.

Pinner: 2,5 og 3 mm.

Storleik: 6 mnd.

 

IMG_9090IMG_9089

Gledar meg til desse sprett ut i blomst. Ser ut til at den eine er kvit, sjølv om eg sette berre lilla løkar i haust. Får sjå kva farge det vert når den er utsprett.

4 kommentarer:

  1. Så fin jakke! Det er masse fint å strikke i nøstebarn boka ja! :)
    Håper virkelig ryggen blir bra fort!
    Klem

    SvarSlett
  2. Å såsøt jakke og lue. Så flink du er.

    SvarSlett
  3. Her bøtter det ned for øyeblikket, så jeg fyrer på ovnen;)
    Nydelig jakke til en liten en; har selv en genser fra samme bok på pinnene:)
    Huff med ryggen, pass deg så den ikke blir verre!!
    Virkelig god bedring og klem fra meg;)

    SvarSlett
  4. Så fin jakke du har strikket:) Blir spennende å se hvilken farge blomstene har.

    SvarSlett