Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

lørdag 5. september 2009

Nattevakt og kjøttkaker

Nattevaktshelg og greier, då pleier eg ikkje vera så aktiv. Kroppen er så tung, tykjer eg når eg jobbar på natta. Men i dag var ikkje den det, ikkje kunne den vera det heller. For eg hadde funne det som var av kjøttdeig i frysen, for no skulle det lagast kjøttkaker. 5.5 kg kjøttdeig var det. Veit ikkje heilt kor mange kjøttkaker det vart, nokre middagar vart det no. Middagen til i morgon er klar, berre til å varme den opp. Når eg er vaken.

Gutane i huset har bore ved inn i vedhuset i dag. Masse fin bjørkeved, så me skal no ikkje frysa til vinteren. Det har no vore so kald og surt dei siste vekene, så me har no allerede fyrt i ovnen og gud kor god varme det vert i huset…….og så koseleg.

No sit eg her og ventar på at deigen til pizzaen skal heva seg. Så då vert det kos i kveld og……..og så på natt att. Og søv gamlingane lika godt i natt, så vert det litt strikking……..

DSCF3167Så ha ei flott helg alle saman!!

Eg må sova når det endeleg er litt bra ver.

2 kommentarer:

  1. takk for helsinga i bloggen. Er begynt å strikke sjal av det blå garnet. mønsteret til sjalet fann eg på nettet.

    SvarSlett
  2. Du har vært flink, ferdige kjøttkaker og greier;)
    Håper du får ei rolig vakt. Ønsker deg ei god helg videre!

    SvarSlett