Nok ein gong har eg strikka denne vesten. Likar kjempe godt dette mønsteret, enkelt men likevel litt spesielt. Denne vesten har lagt ferdig ei stund, men så var det dette med blogging då ja ja no er den no her.
Mønster: Miss Korrigan
Garn: Madelinetosh pashmina.
Pinnar: 3.5 mm.
Storleik: 12 år.
Truleg så vert denne ei julegåve, når den tid kjem.
Av restane så var det ei lita Gros djevelhue. Fyrst strikka eg den minste storleiken, men den vart alt for stor. Rekte opp att og strikka ein ny med 2 masker mindre mellom kvar felling/auking. Men kva storleik det vart på den veit eg ikkje sikkert, har ingen å prøva den på. Men eg tippar 6-12 mnd ein plass der.

