Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 29. august 2013

Oksen 1241 moh.

august 2013 014
På fredag sette eg meg i bilen og køyrde til hardanger, nærmare bestemt Tjoflot. Målet for dagen var Oksen 1241 moh. Fyrste del av turen gjekk på ein gammal traktorveg før stien gjekk over på barnåler i ein granskog. Bratt og tungt til tider. Til eg kom opp på stølen Vindhovden. Der kom eg over tregrensa og eg såg fjorarmar i alle retningar.
august 2013 021august 2013 027august 2013 028
Frå stølen gjekk eg på fin sti i jamn stigning. Heilt til det gjekk omtrent rett opp. Bratt som berre det, men opp skulle eg, samma kor tungt det var.
august 2013 036
Utruleg kor annleis ting ser ut når ein kjem opp i høgda. Midt i bildet ligg Utne, til venstre går Sørfjorden heilt inn til Odda og til høgre er samlafjorden.
august 2013 060
Endeleg på toppen.  Sørfjorden i bakgrunnen.
august 2013 068
På toppen ser ein og ned til Hardangerbrua. Då eg skulle ta bilde av den opp daga eg ein liten flokk reinsdyr. Trur aldri eg har vore så nærme reinsdyr før.
august 2013 077august 2013 082august 2013 087
Inn over her går Sørfjorden….hadde det vore heilt klart, hadde eg sett heilt inn til Odda.
august 2013 093
Her har eg starta ned turen att og er i det brattaste……uren luren himmelturen, steinrøys, steinrøys, svelt i hel….. Langt der nede ligg Kvandal.
august 2013 095august 2013 101
Oppe på den toppen midt på begge bildene var eg….. Langt og bratt.. Men ein fin tur heilt aleina. Hunden måtte vera heima i sogn denne gongen. Då han halta litt. I går halta han endå meir, så me tok eit besøk hjå dyrlegen. Viste seg at han hadde fått betennelse etter 2 svære flått. Flått er skikkeleg ekle dyr. I dag er han betre, men må gå på pencilin i 10 dagar.

2 kommentarer:

  1. Wow! Du e flink. Berre set deg i bilen og susar avgårde. Eg seier alltid at eg har lyst til å gå her og der, men det blir berre med praten... Flotte bilder :-)

    SvarSlett
  2. Du er ei dame med tæl! Flotte bilder tar du også og forserer motbakkene i fin stil etter bildene å dømme. Og den utsikta!
    Den må være verdt både svette og støle bein.

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett