Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 19. juni 2013

Togga 1205 moh. ein liten tur på kvelden.

Togga 2013 078Høgt der oppe ligg målet Togga 1205 moh. Bratt som berre det. Men opp skal eg same kor tung det er…..Har eg bestemt meg så, skal eg opp.

Togga 2013 080Togga 2013 083Fyrste del av turen går inni skogen og det er ikkje så mykje å sjå enn skog. Og nokre sauer som er litt forvetne på kven som kjem kavande opp stien SmileTogga 2013 089Togga 2013 092Men når ein er komen halvegs så er ein over tregrensa, og landskapetet openberar seg. Ein kan sjå toppane i Jotunheimen. Denne bjørka markerar halvegen, sånn ca.Togga 2013 095

Togga 2013 109Det er framleis ein del snå att i fjellet og eg måtte kryssa 2-3 fenner og så gjekk eg rundt nokre.

Togga 2013 113Togga 2013 116Endeleg på toppen etter å ha pusta og pesa meg opp bakkane. Kl.19.30 på kvelden. Godt det er “lyst heile natta” Smile  I fjor haus då eg var oppe såg eg ingenting, då det var snøver og skodde. Denne gongen såg eg alt, laugadalen frudalen, anestølsvatnet og sikkert mykje meir som eg ikkje veit kva heiter. Iallefall for ein utsikt. Bør opplevast.

Togga 2013 118Togga 2013 119

Frudalstunnelen til venste og Anestølsvatnet til høgre.

Togga 2013 121Togga 2013 128Togga 2013 131Togga 2013 132Togga 2013 133Togga 2013 136

Me er jammen heldige som har ein slik natur å gå i her i Noreg. Men denne turen i dag hadde nok ikkje vore gått hadde det ikkje vore for compeed og sportstape. Sidan eg fekk gnagsår på søndag. Gnagsåret er vorte litt større, men kva gjer vel det……eg kom meg på toppen.

6 kommentarer:

  1. Du er så flink til å gå på tur..strabasiøse turer også!
    Nyt snarlig helg..like om hjørnet:))

    SvarSlett
  2. Så flotte omgivelser. Vakker natur hos deg. Blir bare litt hekling her og mye hage og bygging. God sommer-
    Klem
    Ingun

    SvarSlett
  3. Gratulerer med tindebestigningen. Det ser virkelig flott ut. Ein får jo liksom betalt for strevet når ein kjem opp og ser utover (om ikkje tåka kjem då).
    Håper det går bra med gnagsåra!

    Ha gode dager både i lavlandet og i fjellheimen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Gnagsåra dei kjem seg. Så eg er klar for nye turar, men i dag regnar det. Så i dag vert det inne dag. Får sjå m eg finn strikkelysta att.

      Slett
  4. Å, du er så sprek!!
    Har enda ikke kommet meg ut og opp på en eneste fjelltopp i år. Men satser på at jeg for dradd med meg ungene på noen nå som ferien er begynt ;)

    SvarSlett