Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

lørdag 21. april 2012

Paris ein flott by…mykje å sjå.

Lindas iphone 2012 087Lindas iphone 2012 095

Til venste har eg Triumfbuen i bakgrunnen og til høgre så er eg framfor Notre Dame. Triumfbuen hadde ca 280 trappetrinn heilt opp på toppen og var ca 50 m høg. Det var reine trimmen å gå opp der. Tilsaman så gjekk eg litt over 18000 steg den dagen. Kan sei eg kjende det i føtna…..sliten.com Smilefjes

Lindas iphone 2012 103Lindas iphone 2012 106Lindas iphone 2012 090

Her er det Eiffeltårnet som lurar i bakgrunnen, frå forskjellige stader.

Lindas iphone 2012 107Lindas iphone 2012 109

Må sei eg følte meg ikkje heilt vel 150 m over bakken i ein stålkonstruksjon som Eiffeltårnet. Jarle var heilt på toppen. Litt tøffare han Smilefjes

Lindas iphone 2012 094

Etter å he leita etter garnbutikkar så fann me endeleg ein. Denne kan ikkje samanliknast med noko av det ein finn i norge. Her inne fekk du eigen hjelpar (eller ka da no heite) denne dama følgde meg gjennom butikken, eg sa kva eg ville ha og ho laga til. Eg valgte tråd og farge og så plukka ho ned dei spolane frå ein høg vegg og nøsta opp så mykje som eg skulle ha. Fasinerandes…

Lindas iphone 2012 098

Tilslutt fann me og det Jarle var på utkikk etter…..slalomsko….og det i Paris…..vart ikkje kjøpt noko….

5 kommentarer:

  1. Ååå eg VIL til Paris igjen :)
    Det er den flottaste byen eg har vore i!!

    Kjekt at du fann garn :)
    Fine bilder ;)

    Klem Anita

    SvarSlett
  2. Artig å reise på ferie! Jeg har faktisk bare vært i Paris en gang, for over førti år siden, så en tur til hadde vært bra. Da så jeg ikke etter garnbutikker, men det hadde jeg sikkert gjort nå.

    Ha en strålende søndag! Håper våren er i anmarsj hos deg! Her er det grått og 5 plussgrader, så det blir en tur på beina i dag.

    Klem

    SvarSlett
  3. Åh - gledar meg - skal dit om 10 dagar. Litt bekymra for språket.

    SvarSlett
    Svar
    1. Språket gjekk eigentleg greit....

      Slett
  4. Hm!Spennande!Eg skal til Karlsruhe fredag som kjem.Kan tru eg er spent på kva eg kan finne der!Var i Paris for 4 år sidan og datt inn i DET markedet med stoff!Kunne ikkje kjøpe så mykje den gongen da eg ikkje hadde plass i kufferten.Nå skal eg pakke annleis!Ha ei fin veke!Helsing S frå Telemark

    SvarSlett