Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 12. februar 2012

Vottar til Hallvard

IMG_0754IMG_0755

Vetle guten trong nye vottar, så då var det berre å strikke. Dette att han trong nye vottar, oppdaga eg då eg og han var til Bergen på tirsdag. Kjøpte garn gjorde me og. Sjølv om eg nok hadde hatt noko heime og Smilefjes Fargane tok han ut sjølv. I butikken gjekk han rett bort til lanetten, og ville velge farge der. Men mor var streng og sa at han fekk velge frå hylla med pt2 garn.

I oppskrifta til til desse vottane er det brukt pt5 sport. Eit garn eg eigentleg ikkje var nøgd med, til vottar. I mine auge skal selbuvottar, tova seg i bruk. Slik at dei vert skikkeleg gode og varme. Pt5 gjer ikkje dette, og etter at Hallvard hadde brukt dei ute i snøen, såg det ut som at eg hadde børsta dei. For det såg ut til at dei hadde fått pels. Jaja om ikkje eg var nøgd med garnet, så likte no iallefall Hallvard vottane. Og då eg skulle strikka nye, så måtte dei vere like dei gamle, berre ein annan farge.

Mønster: Pt hefte med berre vottar, luer og sokkar.

Garn: Pt2.

Storleik: 10 – 14 år.

Pinnar: 3 og 3.5 mm.

IMG_0756IMG_0757

Sidan det er morsdag i dag, og mannen skulle reise tidleg på jobb, så feirde me i går kveld. Mannen diska opp med jegergryte og ovnsbaktepoter til kvelds. Og kake til kaffien. Mmmm kjempe godt. Tusen takk mannen min!

Ha ein fin dag alle mødre!!!!

15 kommentarer:

  1. Herlig når gutten er fornøyd med vottene og vil ha nye!!! Så når mor får velge garn og sønn farge må det jo bare bli bra;-)

    SvarSlett
  2. Flotte votter! Er kjekt når ungene ønsker seg hjemmestrikka ting :)

    SvarSlett
  3. Flotte votter i fint mønster.

    SvarSlett
  4. De er jo riktig fine og for noen lekre farger han har valgt !
    Så flink mann du har da :)
    Ha en god morgendag, klem.

    SvarSlett
  5. Så flotte fargar han valde seg! Kvar kjøper du garn i by'n no då? Eg var alltid innom Knappehuset - men dei har jo lagt ned. Husfliden har jo sine - men andre, då?

    SvarSlett
  6. Så fine votter.
    Vi blir aldri "arbeidsløse" på hobbyfronten, vi som har barn og barnebarn - det er nå helt sikkert! Men det er jo en glede å gjøre andre glad, så da så...
    Ha en fin, ny uke :)

    SvarSlett
  7. Så kjekt når mottager får velge farge, da vet du at det blir mottatt godt. Veldig fint mønster.

    SvarSlett
  8. Pusevottane er i Pt2, men er ganske hardt tova etterpå.
    Jaudå, her er to garnbutikkar - ein på Tangen også. Begge er kombinert med andre ting - parfymeri i Øvre, gåver på Tangen. Saknar litt meir utval. Sy-og strikkebui er fin slik. Grete kjøpte nok ikkje alt - for eg handla eit par buntar til halv pris der i forrige veke. Takkar for tips - må sjekkast i mars.

    SvarSlett
  9. Kjempefine fargar og flott mønster! Godt med slike gode og varme vottar.

    SvarSlett
  10. Flotte votter! Jeg strikker fra boka Selbuvotten, og koser meg med mönster og garn. God söndag!

    SvarSlett
  11. Kjempefine vottar til Hallvard! Eg er einig med deg i at ein ikkje bør bruke superwashgarn til slike vottar!

    SvarSlett
  12. skikkelig flotte votter du har strikka:))

    SvarSlett
  13. Riktig flotte votter i farger som var knall!

    SvarSlett
  14. For noen lekre votter og fargene er kjempefine! Heldig gutt! :)

    SvarSlett