Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 29. mai 2011

Litt blomstring i hagen….

 

IMG_8916IMG_8919

Heisann!! Ikkje mykje å visa innan strikking for tida, så eg var ute i hagen i går og tok nokre bilder. Inni mellom regnbygene. Ikkje mykje blomstring her endå, sidan det regnar kvar dag og gradestokken ligg på 6 grader pluss- minus. Opp e hjå svigermor blomstrar tulipanane som bare det inntil husveggen. Dumt eg ikkje var opp der og tok bilde, jaja eg gidd ikkje ut no iallefall. Her nede hjå meg er det berre rett før tulipanane sprett ut, dei få som eg har. Vert faktisk spennande å sjå kva farge dei har…hugsar ikkje kva eg sette ned i haustSmilefjes

IMG_8920

Kuleprimulaen blomstrar iallefall. Dei er fine no, men seinare på sommaren er det berre store blad der, som berre blir større og større. SOm og tek masse plass. Kanskje eg skal laga meg eit bed, der det berre er slike blomar? Men ikkje i dag…..no slappar eg av til eg skal på natt att. Siste natta på mange veker. Sidan eg har ferie når eg skal ha natt neste gong Smilefjes jippi for det, nattevaktene vert seigare og seigar til eldre eg blir…..

IMG_8921IMG_8925

IMG_8924IMG_8923

I morgon etter eg har sove så tek eg turen til Bergen. Skal hente nokre dverg kochin kyllingar på tirsdag. Ungane er sure for dei ikkje får vera med, men eg treng litt fri eg og av og tilSmilefjes

Ha ein fin søndagsettermiddag.

mandag 23. mai 2011

Kjole til storesøster .

IMG_8910IMG_8912

Eg kjøpte noko garn frå Malsen og Mor for ei lita stund sidan. Dette har no vorte ein liten kjole. Kven som skal få denne er endå uvisst. Men det er no kjekt å noko liggande, men det byrjar å bli litt i “kjekt å ha liggande” kassen Smilefjes Kjekk sak å strikke, enkelt tv strikk. Og lite trådfesting.

Mønster: Kjole til storesøster  av Tora Frøseth

Garn: Shetland soft frå Malsen og Mor.

Farge: Lilla Fiona, trur eg.

Pinner: 3,5 mm.

Mengde: 100 gr.

Storleik: 4 år.

 

IMG_8911

søndag 22. mai 2011

Kokken Johannes i arbeid = søl

IMG_8905IMG_8906IMG_8908

No har elste guten sett i gang med å baka gulrotkaka. Noko som då inneber at det vert grisete på kjøkenet. Ikkje det at det var så reint der før han starta, men no vert det i allefall skittent. skal tru om han denne gong klarar å rydda opp, slik at det ikkje ser ut til at nokon har bakt den siste tidaSmilefjes Eg trur ikkje han klarar det kjenner eg han rett, gjer det etter kvart ja……han bakar til bursdagsfeiringa si. Flinke guten min, til å baka, men ikkje å rydda.

fredag 20. mai 2011

onsdag 18. mai 2011

17 mai

Ja ja då var dagen over for denne gong. Det har gått i eitt heile dagen. Fyrst dugnad på feiringa på skulen. Så bursdagsfeiring her heime, både 12 og 37 år. Bursdagane er ikkje før i morgon, men vart feira i dag. Syste mi og kjerasten kom i går og mamma og pappa kom i dag, for å feira dagane våre. Min og Johannes sin, trur aldri eg har hått det så vond på bursdagen min nokon gong eg SmilefjesMai juni 10 446

søndag 15. mai 2011

300 gr. wollmeise lace….kva skal eg strikka???

IMG_8857IMG_8858IMG_8861
300 gr wollmeise lace kom i posten her for ei stund sidan, sånn heilt av seg sjølv Smilefjes som blunker Det var eit We’re different som eg fakk napp i på ei oppdatering. Fargen ser ut til å vere Petit Poison nr. 5 medium, etter det eg kan tyde under lappen.
Ja ja så var det klue, kva skal eg strikke av dette? Nokon som har eit forslag, eller to?
Eg ser det er fleire som har forslått sjal, og det var det eg tenkte på eg og. Men kva mønster? Eg har vore inne på Ravelry og der er det mykje fint, men eg klarar ikkje å bli enig med meg sjølv.

mandag 9. mai 2011

Gensar til Ulrik.

april11 017april11 018

Denna gensaren har legt ferdig ei stund, men har ikkje vorte blogga. Eg kan jo ikkje legga ut fleire innlegg kvar dag. Då trur de et ikkje gjere noko anna enn å strikka Smilefjes Eg er no litt på jobb og, 88.5% pluss laurdagane på sy og strikkebui. Likevel brukar eg mykje tid på stikking, tiltider alt for mykje. Iallefall vinterstid, no merkar eg at det vert mindre og mindre på denne tida. Er meir ute i hagen. Jaja nok om da.

april11 019april11 020

Mønster. Dale babyhefte? eit av dei nyaste.

Garn: Dalebabyull, det beste.

Pinnar: 2 og 2.5 mm.

Storleik: 2 år.

I dag sit eg heima og tykjer synd i meg sjølv. Er vorten skikkeleg forkjølt og har vondt frå armane og opp i hovudet. Ute skin sola og eg orkar ingenting.

Ha ein fin mai dag allesaman.

lørdag 7. mai 2011

Endå ein tunika.

IMG_8821Har strikka endå ein tunika, for å bruke opp garnet etter den fyrste eg strikka. Men trur de eg fekk brukt det opp då, neidå. Fekk brukt opp all rosa fargen. Eg kan sikkert strikka endå ein i storleik 2 år, men bottenfagen må eg ha meir av. Men eg trur ikkje det vert fleire av denne med da fyrsta, sjølv om det for så vidt er ein rask sak å strikka.

Mønster: sandnes garn hefte og hjemmet nr37/10

Pinner: 2.5 og 3 mm.

Garn: Wollmeise.

Storleik: 2 år.

IMG_8820

IMG_8806IMG_8815

Det er ikkje mykje blomstrar i hagen endå, om da spire aldri så mykje. Men desse her dei blomstrar så fint.

Ha framleis ei fin helg. No vert det grilling Smilefjes

fredag 6. mai 2011

Bløming i Hardanger

...

Foto: Mette Bleken

Jammen er det flott i Hardanger i blømingstida. Her ser de plassen eg kjem frå, Nå i Hardanger.

På denne tida av året så lengtar eg heim. Bløming i Sogn er liksom ikkje det same.

Ha ei fin helg alle saman….eg er klar for litt sosialt samvere med kjekke kollegaer.

mandag 2. mai 2011

Babyjakke.

april11 021april11 023Har strikka ferdig ei lita jakke, som har lagt ei stund. Kor lenge veit eg ikkje, men no er den i allefall ferdig. Den har fått seg hua og, som ikkje er med på bildet. Sidan den ikkje er vaska endå. Kjekt å ha slikt liggande. Eller så får eg starta meg ein liten nettbutikk? For det byrjar verte litt i denne kasssen med kjekt å ha liggandeSmilefjes

Mønster: Dale garn 226

Garn: Dale babyull.

Pinner: 2.5 mm.

Storleik: 6 – 9 mnd.

april11 026

april11 031Det blomstrar litt i hagen her og, sjølv om snøen ikkje er heilt vekke.

april11 034april11 035

Endå er det ganske brunt i hagen, men det kjem seg vel etterkvart. Trampolina er og komt opp i dag. Men det er ikkje like godt å hoppe på heile trampolina…… det ligg nemleg ein del snø under den endå.. Med slikt ver som me har no om dagane så smeltar den nok fort vekk.

Ha ei fin veke alle saman.