Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 29. mai 2011

Litt blomstring i hagen….

 

IMG_8916IMG_8919

Heisann!! Ikkje mykje å visa innan strikking for tida, så eg var ute i hagen i går og tok nokre bilder. Inni mellom regnbygene. Ikkje mykje blomstring her endå, sidan det regnar kvar dag og gradestokken ligg på 6 grader pluss- minus. Opp e hjå svigermor blomstrar tulipanane som bare det inntil husveggen. Dumt eg ikkje var opp der og tok bilde, jaja eg gidd ikkje ut no iallefall. Her nede hjå meg er det berre rett før tulipanane sprett ut, dei få som eg har. Vert faktisk spennande å sjå kva farge dei har…hugsar ikkje kva eg sette ned i haustSmilefjes

IMG_8920

Kuleprimulaen blomstrar iallefall. Dei er fine no, men seinare på sommaren er det berre store blad der, som berre blir større og større. SOm og tek masse plass. Kanskje eg skal laga meg eit bed, der det berre er slike blomar? Men ikkje i dag…..no slappar eg av til eg skal på natt att. Siste natta på mange veker. Sidan eg har ferie når eg skal ha natt neste gong Smilefjes jippi for det, nattevaktene vert seigare og seigar til eldre eg blir…..

IMG_8921IMG_8925

IMG_8924IMG_8923

I morgon etter eg har sove så tek eg turen til Bergen. Skal hente nokre dverg kochin kyllingar på tirsdag. Ungane er sure for dei ikkje får vera med, men eg treng litt fri eg og av og tilSmilefjes

Ha ein fin søndagsettermiddag.

4 kommentarer:

  1. Dt ser nå ut som det er godt med farger i hagen, men sannelig må vi håpe på en høysesong snart;)
    Kos deg i Bergen uten unger, det blir herlig;)
    Nattaklem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Så flotte blomster du har i hagen. Og god tur til Bergen.

    SvarSlett
  3. Trass regn så blomstrar det flott med deg...
    Gleder meg til å "helse" på kyllingane når dei kjem heim...

    SvarSlett
  4. Så nydelige blomster!
    Ha en fin dag.

    SvarSlett