Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 10. november 2011

Kjole til ei lita jente.

IMG_0512IMG_0514

Dale har mykje fine babymønstrar, men eg er ikkje like begeistra over mønstrane til vaksne. Der synst eg det er mykje spesielt. For vaksne så er favoritten min Sandnesmønstrar. Jaja nok om det. No har eg strikka ferdig ein kjole for tanta mi. Den tanta som ikkje kan strikka eller noko form for handarbeid. Jammen er det godt ho har meg, når det gjeld litt strikka kle til banebarna Smilefjes

Mønater: 203 dale baby.

Garn: Dale baby ull.

Pinnar: 2.5 mm og heklenål 1.75 (eg fann ikkje nr 2 i rotet mitt)

Storleik: 2 år.

No skal kjolen sendast avgarde. Så eg håpar den kjem fram før jul…..og ikkje forsvinn i posten. Ikkje det at eg har mista noko der, men ser at andre har mista pakkar som ikkje kjem fram.

IMG_0515IMG_0518

Har tatt bilder ute i dag. Og som de kan sjå så er det framleis roseknoppar på rosebuskane. Sjølv om dei rotnar vekk og ikkje opnar seg no i november, så er det fint å sjå.

IMG_0519IMG_0520

IMG_0524IMG_0521

Forresten er det nokon av deko lesarar som har problem med Ravelry? Bildene kjem ikkje opp på skjermen min. Berre nokre få. Dei som eg har lagt ut tidlegare sjølv, dei kjem fram. I dag då eg lasta opp bilder av kjolen så er det berre kvitt der bilde skal ligga. Står berre at da loadar opp.

Om ikkje så lenge så ventar ei seinvakt på meg. Ha ein fin kveld.

11 kommentarer:

  1. Hei! Nydeleg kjole! Du er jammen snill som tar på deg strikkejobbar før jul.. Har knapt tid til å verte ferdig med mine eigne julegåveprosjekt eg :)

    Ha ei fin seinvakt!

    SvarSlett
  2. Det var en aldeles nydelig kjole.
    Kjempeflinke deg :o)
    Go vakt :o)

    SvarSlett
  3. Nydelig kjole! Du strikker så fint og jevnt altså:) Tenker meg det blir stas å få en så fin gave.

    SvarSlett
  4. Gurimalla, så fin kjole - heldig er hun som får den!
    Jeg har ingen problemer med Ravelry :)

    SvarSlett
  5. Oi so fine kjole :)
    Ja da e masse fint til småfolk :) Ha lyst å strikka noke til meg sjøl og, men ha liksom ikkje tolmodigheit til å laga store ting ;)

    SvarSlett
  6. Å så nydelig! Virkelig et flott mønster i herlige farger.

    SvarSlett
  7. Utrolig fin kjolen ble. Nydelig det mønsteret. En favoritt man blir glad i.

    SvarSlett
  8. Oj, denne kjolen så jeg på en annen blogg tidligere i dag også :)
    Og den var like lekker som din!
    Råflott!

    SvarSlett
  9. Kjempefin kjole! Nydelig mønster og farger. Veldig pent strikket også. Regner med at denne gjør lykke hos mottager! :)

    SvarSlett
  10. Det var en utrolig nydelig kjole til ei lita jente. Nissene dine er også flotte. Ja nå nærmer julen seg og må forberede den.

    SvarSlett
  11. En utrolig nydelig kjole du har strikket. Flotte farger !

    SvarSlett