Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

tirsdag 18. mai 2010

Kiel og 17 mai og litt bursdag.

IMG_5612 IMG_5615 IMG_5625 IMG_5629 Helga har eg og Jarle brukt på ein liten tur med Kielferga. I lag med nokre lastebilsjåførar og fruer. Hatt ein skikkeleg kosleg tur utan ungar. Lastebil har eg fått køyrt med og. Og jammen var det godt at eg hadde strikketøyet med meg. Då Jarle lasta før me reiste heim att på søndag.

IMG_5634For litt kjedeleg er det å sitja i lastebilen.

17 mai vart det ein liten tur i fjøra, men det var kaldt og vått, så det var godt å koma heim att å fyra i ovnen.

 IMG_5650 IMG_5651  IMG_5663  Litt bilder av dei fine ungane. Likar det ikkje men jentungen har vokse mora over hovudet, men kva kan ein no gjera med det. Når eg ikkje har fått fleire høgdehormon.

IMG_5665

På ettermiddagen vart det feira 11 og 36 årsdag her i heimen. Mor og son har bursdag på same dagen. Godt gjort!!

IMG_5695 

I dag har eg kost meg ute i hagen. Gåvakort til bursdagen vart brukt opp på gartneriet i dag. Fiskane dei fekk koma ut i dammen i går kveld, og det ser ut til at dei likte å koma ut. Etter ein vinter i garasjen. I etter middag har eine syster mi med familie vore her og ete kake.

Ha framleis ein fin dag. No er det frustrerte fruer som ventar på meg.

2 kommentarer:

  1. Hørtes herlig ut med en tur på Kielferja, det er det lenge siden jeg har hatt;)
    Ja, begge mine døtre har vokst meg over hodet, sånn er det bare:O)

    Ha ei flott uke og klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Gratulere med vel overståtte bursdager.
    Koselig med Kieltur, og kjekt med litt tidtrøyte med (handarbeid)
    Ønske deg ei fortsatt flott uke:)

    SvarSlett