Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

lørdag 25. mai 2013

Tur i bratte bakkar.....Stepin

Sidan eg har lite anna å vise fram i desse solfylte tider. Når ein brukar tida til litt andre ting enn berre strikking. Så her kjem eit lite bilderas frå dagens trimtur. 
Turen starta på Kleiv og svingar seg bratt opp fjellsida. Det er ikkje langt, men fy f.... Kor bratt







torsdag 23. mai 2013

Sinnasaujakka

Då har eg strikka sinnasaujakka til pinneguri eg og. Og det vert ikkje den siste. Enkelt og greit mønster å strikke etter. Har allerede starta på ei ny ei. Denne har allerede vore i bruk ei stund. Snedden jakke å berre slenge på seg. Tusen takk Pinneguri for fint mønster.

søndag 5. mai 2013

Urke–strikketur med kjekke kollegaer.

Denne helga har eg kost meg på Urke med kjekke strikkedamer, damer frå jobben. For ein flott natur. Eg let bileta tala for seg.

Urke 261Urke 264Urke 269Urke 279Urke 281Urke 304Urke 328Urke 329Urke 352Urke 354Urke 355

torsdag 2. mai 2013

2. Mai og da lavar ned........

Kor e våren?????? Ikkje her i allefall. Måtte nett visa deko korleis det ser ut her i dag.







onsdag 1. mai 2013

Kom mai du skjønne milde......

I dag er det fyrste dagen i mai. No forventar eg litt meir varme og fint ver, ikkje 1+ og snøver. Men men ikkje noko å gjera med veret.... Men tur kan me gå likevel. Hallvard ville prøva sykkelen i dag. Så han sykla og eg gjekk, og eg gjekk, heila dalavatnet på langs....













lørdag 20. april 2013

Eirajakke til meg sjølv.

P1000655Heisann alle saman! Det går litt tregt med blogginga for tida……sjølv om det vert strikka litt heile tida. Litt strikking vert det endå sjølv om det nærmar seg vår. Men her må me venta til snøen vert borte med å gjere noko ute. Så eg har litt inne tid endå.

Denne gongen har eg strikka Eirajakke frå Nøstebarn. Litt sånn retro i mønsteret og fargane.

Mønster: Eirajakka frå Nøstebarn.

Garn: Merinoull frå nøstebarn og new zealand lammeull.

Pinnar: 3 og 3.5 mm.

 

P1000657P1000658P1000664

onsdag 20. mars 2013

Høgehaug 2013

Her kjem eit lite bilderas frå ettermiddag/kveldens tur. For fyrste gong har eg fått med ein av ungane på tur. Og me har hatt ein tur utan klaging og syting. Bortsett frå at han tykte det var kaldt då me nærma oss toppen. Der var det kald vind, då det er ikkje så rart han klagde litt då.

P1000598P1000599

Her studerar han skiltet. og det er framleis 2.9 km att. Det var sol då me starta å gå, men den var på veg ned sidan det byrja å verte kveldSmile

P1000606P1000611

Det hadde vore nokon før oss, men dei var nok heim att komne før me starta på turen vår….Då me sigla ned att var skispora våre nesten att blesne. Godt me er kjende.

P1000610P1000612

Her nærmar me oss toppen. Der holdt me på å blåsa vekk. Det var berre å halda på ski og alt som var laust.

P1000613P1000616

Etter obligatorisk fotografering, var det av med feller og rett ned att.

P1000617P1000618P1000619P1000620

Kjempe stolt av deg Hallvard.

tirsdag 19. mars 2013

Klassiske vottar av Tove Fevang.

P1000589P1000590

Her går det i vottar dagen lang, når eg ikkje er på jobb eller går tur. Eller ryddar litt Smile Endeleg fekk eg ferdig desse vottane og, den eine har vore ferdig ei heil stund, men det sat langt inne å gjere ferdig den andre…..men no er jobben gjort. Då eg såg desse fyrste gongen måtte eg berre strikka dei, for dei var så fine. Framsida er fin, men jammen likar eg godt innsida og. Takk til Tove som har laga eit så fint mønster.

Mønsteret: er frå Familien 3/2012 og er eit Tove Fevang mønster.

Garn: Daletta frå Dalegarn.

Pinnar : 2.5 mm.

P1000591

P1000592P1000593

Ikkje enkelt å ta bilder av vottane i bruk når ein er heime aleina. Men her er no det eg fekk til Smile Sol og fint har me det her i sogn i dag. Håpar morgo dagen vert like fin, for då har eg fri og har tenkt meg ein tur på ski.

Ha ein fin dag.