Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 30. oktober 2009

Flower basket sjal.

 IMG_4275

Her ligg mitt fyrste Flower basket sjal til blokking. Endeleg ferdig, har brukt lang tid på det, for eg har mange andre småprosjekt innimellom. Men no er det no i allefall ferdig.

Garnet er Melodi frå Jojoland.com, kjøpt her. I lilla og grønt. Brukte pinnenr 4.

Dette vert nok ein liten julapressang. Så då var det ein mindre på lista mi. Det er godt kva som er gjort før desemberlønninga kjem på konto.

IMG_4280IMG_4278

  IMG_4276

I dag skin sola her i Sogndal. Haustfarganane forsvinn litt etter litt og alt vert brunt, før snøen kjem. Fuglane flyr i skytteltrafikk mellom foringsbrettet utanfor kkjøkenglaset og ei stor bjørk 5 meter frå huset. No er det matingstid for småfuglane. Og travelt for Tassen som skal passa på dei og skremma dei vekk, med bjeffinga si.

Eg skal snart på seinvakt, har arbeidshelg.

De får ha ei god helg allesaman.

3 kommentarer:

  1. Så nydelig sjal! Herlige farger også. Godt gjort - det må ha vært litt av en prosjekt.
    Ønsker deg en fin helg!

    SvarSlett
  2. Her har du strikket et aldeles lekkert sjal. Heldig den som får det i julegave!

    SvarSlett
  3. Nydeleg sjal, og flotte pulsvarmarar :)

    SvarSlett