Endå eit lite prosjekt ferdig. Etter at eg strikka ferdig det sista Ishbel sjalet mitt , så har eg strikka ferdig 2 ufoar. Dette er den eine. Hallvard står modell denne gong. Fint lite smil ;)
Mønster: Jærbo garn ark.
Garn: Jærbo garn Fantasi.
Endå eit lite prosjekt ferdig. Etter at eg strikka ferdig det sista Ishbel sjalet mitt , så har eg strikka ferdig 2 ufoar. Dette er den eine. Hallvard står modell denne gong. Fint lite smil ;)
Mønster: Jærbo garn ark.
Garn: Jærbo garn Fantasi.
I dag reiste eg rett frå arbeid, med mål Strandamessa på Vinje. Der visste eg at Trollkåno skulle vera og ho ville eg helsa på. Kjøpa litt hadde eg bestemt meg for og. Og so eg gjorde, alle desse figurane vart med heim til Sogndal. Nokre skal eg ha sjølv andre vert julapressangar.
Veit ikkje heilt kven og kva, kvar og ein skal få, men denne skal eg iallefall ha sjølv. Da e sikkert. Må nok ha meg fleire slike troll og nissar med tid og stunder.
Eit stykke var det å køyra, men kva gjer vel det når det er so masse fint å sjå.
Ha ei fin helg alle saman!
Eg har strikka endå ei lue.
Mønster; Rose red
Garn: Alpa frå Trysilgarn.
Pinne: 4mm
Ei kjempe fin lue, men eg vert ikkje heilt einig med meg sjølv om eg passar med ei slik ei. Jentungen passar med den, men ho vil ikkje ha den eingong.
Så kva gjer ein då, jau ein legg den i kassen med i bort heime laga ting. I morgon etter arbeid skal eg på julamessa, og eg gledar meg kjempe masse.
Jippi eg fekk hemmelegven pakke i posten. 2 nøster opal garn og 1 nøste on line garn, sjokolade og te. Sokoladen dreiv eg og minste guten og kosar oss med før dei andre kjem att frå skulen. Eg gledar meg til å smake på teen, for den luktar utruleg godt. Skal bli kjekt å prøve opal garnet for det har eg ikkje strikka av endå. No har eg masse sokkegarn og fleire sokkebøker så det skal ikkje mangla på oppskrifter til garnet.
Tusen takk min hemmelegven.
Ishbel nr 2 er ferdig. Endå ein julapressang ferdig, eller ei julahelsing som takk for epler og pærer no i haust. Håpar mottakaren likar lilla…..
Mønster: Ishbel by Ysolds.
Garn: Mirasol frå Du store alpakka.
Pinner: 4.5
Dette er eit utruleg kjekt sjal eller halstørkle er vel rettare å sei sidan det passar best inni jakka eller som pynt utan på ein gensar eller liknande. Eg kjem nok til å lage fleire, er allerede byrja på nr 3.
Da e jammen ikkje enkelt å ta bilder av deg sjølv, som ser nokonlunde ut. Slik er det berre når ein manglar modell. Og ein vil ha det inn på datan kjapt. Av bildene å dømma skulle ein tru det var to forskjellige huer , men det er ikkje det. Mørkaste gråfargen er rettast.
strikka i alfa glitter og pinner 6 og 7. Mønster henta frå eit Sandnes hefte eg ikkje hugsar nr på.
Lurdagskveld mannen, eldste sonen og svogeren min dreiv på ute og støypte ville Tassen vera med og. Og tryggaste plassen og kansje der hunden likar seg best er då i traktoren. Der i frå får han med seg alt. Likar å ha kontrollen.
Dette er mellomste jenta til eine syster mi. Ho sit som modell for hua som er strikka i garnet Silver Dream og pinne nr. 4. Det er glitter i garnet, litt stilgt. Men kansje ikkje for vaksne.
Ei lita baby lue strikka i Alpaca frå Drops.
Babyhua laga eg ferdig tidlegare i veka, men har ikkje vore god te å blogga den før no. Etter å ha kome meg att etter svineinfluensa vaksineringa på torsdag. Og besøk i huset, av syster svoger og 3 tantebarn.
No har eg herma etter Linda. Eg har strikka ei lue kjøpt på nettet her. Lua mi er strikka i Alpa frå trysilgarn.
Lua den har allereie skifta eigar. Trur nok at eg kjem til å strikka fleire slike, kansje ikkje til meg sjølv. Passa liksom ikkje heilt. Eg er vel ikkje noko luetype. Ho passar betre på Linda strikkesaken enn meg.