Long time no see Det går tregt for tida. Mykje på gang og då vert det lite blogging og. Har faktisk vurdert sommarferie, men det vert det sikkert ikkje. Ikkje endå i allefall. Sjølv tek eg ikkje ferie før om 4 veker. Det gledar eg meg til. Jaja nok om da.
Endeleg har eg fått blokka sjalet som har lagt ferdig ei stund.
Mønster: Haruni av Emily Ross.
Garn: Wollmeise 100%.
Pinner: 3.5 mm (trur eg).
Eg har strikka den enkle versjonen med glatt strikk før eg starta på blondekanten. Til å begynne med var eg ikkje sikker på om eg likte den enkle varianten, men etter å ha blokka det så tykjer eg det vart fint dette og. Kanskje det vert fleire…ein gong. Litt herk var det under blokkinga, sidan det skulle ei knappenål i alle luftmaskebogane. Men med nok knappenåler så gjekk det og.
Sjå dei fine alliumane som sprett ut…og for nokre fargar…

