Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
Viser innlegg med etiketten Tur natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tur natur. Vis alle innlegg

fredag 30. august 2013

Eggje ca 1100 moh.

august 2013 102
Sidan eg ikkje hadde gått nok på fredagen, så tok eg ein tur på søndagen og. Då gjekk starten frå Reisæter og opp lie til Eggje. Målet ligg heilt på toppen til høgre i bildet, mellom grantrea.
august 2013 106
Langt og bratt er det som beskriv denne stien/turen.
august 2013 105august 2013 108
Stien vert restaurert av sherparar. Så det var reine motorveien å gå på der dei hadde lagt stein. Ikkje vanskeleg å gå feil her. Mamma og tanteungen Elin Karin vart og med på tur. Dei snudde etter å ha gått halve turen.
august 2013 109august 2013 111
Ein fin tur om ein ikkje går heilt på toppen og. Flott utsikt.
august 2013 114
Her er eg komen opp på nederste kvilingehaug. noko som seier at ein kan kvila litt Smile  Stien flata i allefall ut.
august 2013 116august 2013 117
Sherparane har gjort eit flott arbeid med stien. Den delen som er ferdig.
august 2013 125august 2013 129
Med litt soom på kameraet så kan ein sjå heilt ned att til Reisæter. Då eg var komt nesten opp såg eg dette merket på ein stein, pilgrimsmerket. Trur dette er ein del av pilgrimstien mellom Røldal og Bergen.
august 2013 145
Fint med sjølvutløysar på kameraet når ein er på tur aleina. Toppen er nådd og ein har flott utsikt over Sørfjorden.
august 2013 138august 2013 140
Her ser ein Revavatnet. Mange år sidan eg såg det sist, sikkert over 30 år. Då gjekk eg opp her med pappa, trur eg var 7 år. Men me fortsette over fjellet og ned til Bottsvatnet i Krossdalen på Jondalsida.
august 2013 152
Det er vorte ettermiddag og eg er på veg ned att. Dette er den slakkaste delen av turen, nederste kvilingehaug.
august 2013 156august 2013 161
Sola gjekk ned i lag med meg Smile

torsdag 29. august 2013

Oksen 1241 moh.

august 2013 014
På fredag sette eg meg i bilen og køyrde til hardanger, nærmare bestemt Tjoflot. Målet for dagen var Oksen 1241 moh. Fyrste del av turen gjekk på ein gammal traktorveg før stien gjekk over på barnåler i ein granskog. Bratt og tungt til tider. Til eg kom opp på stølen Vindhovden. Der kom eg over tregrensa og eg såg fjorarmar i alle retningar.
august 2013 021august 2013 027august 2013 028
Frå stølen gjekk eg på fin sti i jamn stigning. Heilt til det gjekk omtrent rett opp. Bratt som berre det, men opp skulle eg, samma kor tungt det var.
august 2013 036
Utruleg kor annleis ting ser ut når ein kjem opp i høgda. Midt i bildet ligg Utne, til venstre går Sørfjorden heilt inn til Odda og til høgre er samlafjorden.
august 2013 060
Endeleg på toppen.  Sørfjorden i bakgrunnen.
august 2013 068
På toppen ser ein og ned til Hardangerbrua. Då eg skulle ta bilde av den opp daga eg ein liten flokk reinsdyr. Trur aldri eg har vore så nærme reinsdyr før.
august 2013 077august 2013 082august 2013 087
Inn over her går Sørfjorden….hadde det vore heilt klart, hadde eg sett heilt inn til Odda.
august 2013 093
Her har eg starta ned turen att og er i det brattaste……uren luren himmelturen, steinrøys, steinrøys, svelt i hel….. Langt der nede ligg Kvandal.
august 2013 095august 2013 101
Oppe på den toppen midt på begge bildene var eg….. Langt og bratt.. Men ein fin tur heilt aleina. Hunden måtte vera heima i sogn denne gongen. Då han halta litt. I går halta han endå meir, så me tok eit besøk hjå dyrlegen. Viste seg at han hadde fått betennelse etter 2 svære flått. Flått er skikkeleg ekle dyr. I dag er han betre, men må gå på pencilin i 10 dagar.

onsdag 19. juni 2013

Togga 1205 moh. ein liten tur på kvelden.

Togga 2013 078Høgt der oppe ligg målet Togga 1205 moh. Bratt som berre det. Men opp skal eg same kor tung det er…..Har eg bestemt meg så, skal eg opp.

Togga 2013 080Togga 2013 083Fyrste del av turen går inni skogen og det er ikkje så mykje å sjå enn skog. Og nokre sauer som er litt forvetne på kven som kjem kavande opp stien SmileTogga 2013 089Togga 2013 092Men når ein er komen halvegs så er ein over tregrensa, og landskapetet openberar seg. Ein kan sjå toppane i Jotunheimen. Denne bjørka markerar halvegen, sånn ca.Togga 2013 095

Togga 2013 109Det er framleis ein del snå att i fjellet og eg måtte kryssa 2-3 fenner og så gjekk eg rundt nokre.

Togga 2013 113Togga 2013 116Endeleg på toppen etter å ha pusta og pesa meg opp bakkane. Kl.19.30 på kvelden. Godt det er “lyst heile natta” Smile  I fjor haus då eg var oppe såg eg ingenting, då det var snøver og skodde. Denne gongen såg eg alt, laugadalen frudalen, anestølsvatnet og sikkert mykje meir som eg ikkje veit kva heiter. Iallefall for ein utsikt. Bør opplevast.

Togga 2013 118Togga 2013 119

Frudalstunnelen til venste og Anestølsvatnet til høgre.

Togga 2013 121Togga 2013 128Togga 2013 131Togga 2013 132Togga 2013 133Togga 2013 136

Me er jammen heldige som har ein slik natur å gå i her i Noreg. Men denne turen i dag hadde nok ikkje vore gått hadde det ikkje vore for compeed og sportstape. Sidan eg fekk gnagsår på søndag. Gnagsåret er vorte litt større, men kva gjer vel det……eg kom meg på toppen.