Er vel påtide med ei oppdatering frå meg og 14 dagar inn i det nye året. Godt nytt år, viss ikkje det er litt i seinaste laget. Her går det stortsett i same tralten. Sjukdom og influensa gjorde me ferdig før jul, får eg håpa. Litt strikking har det vore dei siste månadane, men det tek litt tid å få det på bloggen. Så her kjem eit lite ras….
Fyrst ut er nokre vottar til to av tantejentene mine. Dei fekk vottar til bursdagane sine. Mønsteret er frå pt design nr.82, strikka i pt5 sport og pinne 3.5 mm.
<<>>
Så var det ein arbeidskollega som ynskte panneband og vottar. Desse er og henta frå pt design nr.82. Strikka i pt5 sport og pinne nr.3.5 mm.
<<>>
Så var det ei som ville ha vottar til sonen sin. Så då vart desse til. Strikka i 3 trd. frå rauma. Hugsar ikkje kva hefte dei er henta frå.
<<>>
Så kom svigermor med nokre mønstrar som eg fekk. Der i blandt desse hestevottane til Jorid Linvik. Kjempe fine var dei. Så dei vart strikka i ein fei. Dei vart litt mindre enn eg hadde trudd. Passar sikkert best til ein åtteåring.
Desse er strikka i tynn alpakka, drops alpaca og mini alpakka. Skikkeleg reste garnstrikk. Mønsteret kan du kjøpa på nett hjå Jorid Linvik.
Då var eg ferdig for i dag. Når sola snart kjem fram så lyt eg ha meg ein tur ut. Og så vert det strikking og litt rydding i huset. Ha ein fin dag…
Ååå såå mange flotte votter, de i sort og lilla var veldig flotte da :)
SvarSlettHilsen Beth
Takk. Ja likte dei eg og. Såg etter att eg hadde laga innleg at dei var allerede blogga tidlegare. Men pyttsann.
SlettSå mange flotte votter du har strikka!
SvarSlettTakk, ja det har vorte nokre den siste tida.
SlettImponerende vottesamling, det ene paret finere enn det andre! Fint med lilla og svart sammen! Hestevottene må være midt i blinken for ei hestejente.
SvarSlettFint vær her også, men bikkjekaldt, minus 21 i øyeblikket. Har masse ullklær så det er vel bare å finne fram flere lag og ut og lufte seg.
Klem fra Uvdal
Takk. Her ligg det på 15 -17 minus, litt mindre i sola. Merkar godt når sola er framme.
SlettGodt nyttår til deg og.
SvarSlettFor eit flott bilderas.....litt av ein produksjon.
Her var det virkelig mykje fint og deilige varme plagg å ha på seg.
Fine fargekombinasjonar.
MarJE.
Takk. Ja litt forskjellige vottar. Nokre vert sikkert julegåver med tida.
SlettDu verden så mykje vottar du har laga. Kjempefin var dei!
SvarSlettTakk.
SlettNydelige votter!
SvarSlettSå flink du er :)
Takk.
SlettDu verden så mange flotte votter du har strikket. Flotte mønstre også.
SvarSlettSå utrolig mange flotte vottepar! Veldig imponert, her blir det i høyden ett par i året. :)
SvarSlettMange flotte votter du har strikket:)
SvarSlettSå utrolig mange flotte votter. Kjempefine mønstre. De tror jeg at jeg må kikke på senere.
SvarSlettHer var det mange nydelige votter, du! :)
SvarSlettHjertelige hilser til deilig Sogn og Fjordane. Siden jeg var i ferie
SvarSletti Vestlandet strikker jeg... og nå jeg lærer norsk også. Vottene er herlig og så en masse. Mønstre er storfin. Nydelig er hestevottene for "hestebarn" også. Tusen takk for bildene. Ha en fin uke videre.
Skikkelig storproduksjon av votter. Kjekt at du bruker forskjellige mønster..
SvarSlettDu verden for ein flott votteproduksjon. Alle like fine.
SvarSlett