Her har eg kost meg den siste veka. Mamma vart 60 på onsdag, og skulle vera bortreist på dagen. Då fann eg og ein syster mi at me skulle reise ned å overraska ho, noko ho vart så oppdraget vart utført med glans.
Ei veke utan mann og barn har vore heilt herleg. Mamma tok oss med til fiske landsbyen Puert de Mogan. Ein kosleg liten by med masse fine blomstrar.
Me gjekk og ein tur til Amadores og denne flotte badestranda, her fekk eg svidd flesket litt.
Bada gjorde eg og.
Eg er ikkje laga for steikandes sol og varme, eg taklar ikkje å ligge pal i sola. Så eg tok meg ein liten fjelltur opp til den norske palmelunden.
Masse trappegåing har det og vorte. Trapper var det over alt.
Etter ei fin veke så var det berre å koma seg heim att til minus grader, sol og vinter.