![IMG_0512 IMG_0512](//lh4.ggpht.com/-_pSzD1_nUQw/Tru-xswS9jI/AAAAAAAACLk/YYx0PtndZSI/IMG_0512_thumb.jpg?imgmax=800)
![IMG_0514 IMG_0514](//lh3.ggpht.com/-OQcrTvMt_Mc/Tru-zp8tTMI/AAAAAAAACL0/EMEdlGb9Pjg/IMG_0514_thumb.jpg?imgmax=800)
Dale har mykje fine babymønstrar, men eg er ikkje like begeistra over mønstrane til vaksne. Der synst eg det er mykje spesielt. For vaksne så er favoritten min Sandnesmønstrar. Jaja nok om det. No har eg strikka ferdig ein kjole for tanta mi. Den tanta som ikkje kan strikka eller noko form for handarbeid. Jammen er det godt ho har meg, når det gjeld litt strikka kle til banebarna ![Smilefjes](//lh5.ggpht.com/-pM8Eq62epnc/Tru-0er0oXI/AAAAAAAACL8/IO_TIzJTXbQ/wlEmoticon-smile%25255B2%25255D.png?imgmax=800)
Mønater: 203 dale baby.
Garn: Dale baby ull.
Pinnar: 2.5 mm og heklenål 1.75 (eg fann ikkje nr 2 i rotet mitt)
Storleik: 2 år.
No skal kjolen sendast avgarde. Så eg håpar den kjem fram før jul…..og ikkje forsvinn i posten. Ikkje det at eg har mista noko der, men ser at andre har mista pakkar som ikkje kjem fram.
![IMG_0515 IMG_0515](//lh3.ggpht.com/-8yR0jZoV65Y/Tru-2TkeaBI/AAAAAAAACMM/aOLsUbrq8zw/IMG_0515_thumb.jpg?imgmax=800)
![IMG_0518 IMG_0518](//lh3.ggpht.com/-kKQJ5ddSvkw/Tru-4cVqAuI/AAAAAAAACMg/DpEZ1umGAzc/IMG_0518_thumb.jpg?imgmax=800)
Har tatt bilder ute i dag. Og som de kan sjå så er det framleis roseknoppar på rosebuskane. Sjølv om dei rotnar vekk og ikkje opnar seg no i november, så er det fint å sjå.
![IMG_0519 IMG_0519](//lh5.ggpht.com/-4XWaF2FOOFM/Tru-6wICTEI/AAAAAAAACMs/irH3ZmGyhLw/IMG_0519_thumb.jpg?imgmax=800)
![IMG_0520 IMG_0520](//lh3.ggpht.com/-HNQrVQQ3Vo8/Tru-8j9RG3I/AAAAAAAACM8/odUIey2brK0/IMG_0520_thumb.jpg?imgmax=800)
![IMG_0524 IMG_0524](//lh4.ggpht.com/-RYVulYoY570/Tru--aOPZOI/AAAAAAAACNM/7gWQc9IPYec/IMG_0524_thumb.jpg?imgmax=800)
![IMG_0521 IMG_0521](//lh4.ggpht.com/-g5ihY5pDfq4/Tru_AXNzAaI/AAAAAAAACNc/nT3I9ZDbLBM/IMG_0521_thumb.jpg?imgmax=800)
Forresten er det nokon av deko lesarar som har problem med Ravelry? Bildene kjem ikkje opp på skjermen min. Berre nokre få. Dei som eg har lagt ut tidlegare sjølv, dei kjem fram. I dag då eg lasta opp bilder av kjolen så er det berre kvitt der bilde skal ligga. Står berre at da loadar opp.
Om ikkje så lenge så ventar ei seinvakt på meg. Ha ein fin kveld.