Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 6. november 2011

Enkle rillestrikkavottar

IMG_0303

Må nett starta med ei flott rosa. Ikkje fotografert i dag. men frå i sommar ein gong da va regn. Noko som det har vore i heile sommar…nesten. Noko som har resultert i mykje strikking…og for lite røyrsle….kva vert resultatet av det???? Da snakkar me ikkje om…

Her har eg strikka nokre enkle vottar i restane etter kragejakka mi. Kjekt å få brukt opp restane. Vert nok nokre til med striper for eg har ikkje nok til eit par til. Men kortid desse vert strikka, veit eg ikkje.

IMG_0499IMG_0502

Mønster: Rillestrikka vottar frå Nøstebarn.

Garn: New Zealand lammeull.

Pinner: 3.5 og 4 mm.

Storleik: 3 – 5 år.

Enklare vottar trur eg nesten ikkje  det går an å strikke. Dette må vere dei ultimate vottane for nybyrjarar.

IMG_0504

No ventar ei ny veke på jobb att. Etter å ha sete heima med plastra fingrar.

Ha ei fin veke!

10 kommentarer:

  1. Ja, dei er lette og fine :-).

    SvarSlett
  2. Men flotte ble de selv om de er enkle :)

    SvarSlett
  3. Takk for tips, jeg har boka...og garn har jeg også:O)

    SvarSlett
  4. Fine vottar!
    Førebur deg til kald vinter, du!
    Tenk i fjor på denne tid var det full vinter, snø og kaldt.
    Takk og pris for at me endå har mildvèr......

    SvarSlett
  5. Herlige votter. Blir gode å ha til kalde vinterdager. Heldigvis så har vi varmegrader endå, men det kan snu fort.

    Klem:)

    SvarSlett
  6. De ser på dete gode og praktiske ut. Takk for tipset for den boken har jeg faktisk! Men har ikke tenkt så mye over at det er votter i den. Jeg har strikket kragejakken.

    SvarSlett
  7. Lette og flotte votter for nybegynnere høres ut som noe jge kan like nå :)
    Tror jeg må finne fram boka igjen, kikker stadig i den, men etter 2år har jeg ENDA ikke laget noe fra den!!!

    SvarSlett
  8. Hei :) Takk for besøk på bloggen min! "Nissen min" har skjegg av Canto. I dette tilfellet er nissen tovet med skjegget på... :D Inni har jeg for øyeblikket en tom vinpose som er blåst opp til tilnærmet full størrelse. Har "tøyd litt" i bunnen, så nå står den forholdsvis stødig.

    Fin blogg du har! Tips til pannebånd her ser jeg - neste post på too do-listen til julemessa...

    SvarSlett
  9. Hei! Takk for helsing på bloggen min! Så mykje flott du lagar! -hmm, eg har faktisk som mål å læra meg å strikke etter mønster denne vinteren:-) Sjølv så kjem eg frå Skånevik i sunnhordland, har budd og har svært tette relasjonar til Sørfjorden Jåstad/Velure. Men akkuratt nå i Bergen:-) Litt info. Så din historie er også kjent i Sørfjorden?

    Håpar du får ein god tirsdag!

    Elisabeth

    SvarSlett