Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
mandag 13. august 2012
Vogn/baby teppe.
fredag 3. august 2012
Babyteppe/vognteppe i Delight
Her kosar eg meg med hekling av ruter som skal bli eit babyteppe/vognteppe. Alle desse rutene som ligg på utover bordet er ikkje i teppet under. Dei blå/turkise og dei raude/svarte passa ikkje inn. Men eg kan no lage fleire tepper eg. Berre hekla nokre ruter til i passande fargar og så vips har eg kanskje to tepper til Faktisk ganske greit hekl å ha med seg i veska. Tek lite plass…..
Mønster: Drops 124 – 1 (sjekk garnstudio).
Garn: Delight 3 nst og fabel 2 nst.
Heklenål: 5 mm.
Storleik: 65 X 72 cm.
Ynskjer du det større, så er det berre å hekle fleire ruter.
Ha ei fin helg alle der ute i bloggverden. Eg har framleis att ei veke ferie
tirsdag 20. juli 2010
Vognteppe
Har hekla eit lite teppe. Trudde eigentleg at det vart større. Men neidå, det er vel tenkt som eit vognteppe. Sjølvsagt kunne eg hekla fleire ruter, men då får ein ikkje same fargen på alle hjørnene. Er opptatt av symetri………trur eg. I oppskrifta står det at størrelsen er 62X86 cm, og så skal det syast saman som på bildet og då vert slik som dette på bilde over. I tillegg så løyver eg eit nøste av kvar farge. Kunne sjølvsagt ha hekla fleire men då vert det ikkje likt. Denne gongen vert det slik, men heklar eg fleire så vert det hekla fleire ruter slik at teppet vert større.
Mønster: Mitt første år frå Sandnes.
Garn: Sandnes alpakka.
Heklekrok: 3,5 mm
No nyt eg ferien min i regnveret. Får god tid til å gjere ferdig nokre av prosjekta eg har liggande. Før eg kanskje byrjar på nye……???
torsdag 6. august 2009
Teppe snart ferdig
Her ser de teppet som som eg held på med. Har hatt heklenål og tråd i veska i heile sommar, lite og lett og hatt med meg. No er det siste rest av teppet eg held på med, manglar berre 3 ruter og ein liten kant rundt. Men så må eg og festa alle trådane, eg har ikkje festa ein einaste ein. Brukte fleirfarga garn for å sleppa unde litt trådar å festa.
Teppet er hekla i fleirfarga fabel og blå sisu på heklenål nr 3.
søndag 12. april 2009
Teppe endeleg ferdig
Endeleg er teppet samanhekla og kanten rundt er hekla og alle trådane festa. Da vanskelegaste var eigentleg å setja saman rutene. Tilslutt var eg så lei at eg berre hekla dei saman samma søren. Det vart nokre lange omgangar rundt heila teppet. Men no er det no ferdig, jammen er det godt. No heng det fint på den gamle sofan.
torsdag 9. april 2009
Nåleputer
mandag 23. mars 2009
Fleire lappar
onsdag 18. februar 2009
Hekla teppe

Her nokre av ruten som eg har hekla ferdig. Det vert vanskeleg å laga 24 forskjellige lappar men det går vel det og. 
