Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
Viser innlegg med etiketten Samstrikk sjal. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Samstrikk sjal. Vis alle innlegg

lørdag 20. august 2011

Summer Mystery Shawlette

DSC08237DSC08238DSC08239

Ting tek tid, men endeleg er sjalet vaska og blokka. Fotografert i alle vinklar…..Må berre få sei at no blomstrar det som berre da i hagen min. Den store rosa på bildet under har ikkje herdighet til å overleve her eg bur ein gong, gjett om eg er stolt.

Garn: Odara, farge Autumn Sky, 50% merino og 50% silke. Saffrondyeworks

Mønster: Summer Mystery Shawlett av Wendy D. Johnson

Pinner: 4,5 mm.

Dette sjalet har vore eit samstikkprosjekt på Projo, denne sommaren.Eit enkelt og lite sjal. Kunne godt ha vore litt større.

DSC08240DSC08241

DSC08242

Litt trøytt i trynet etter å ha vore på ei travel nattevakt og ikkje sove meir enn 5 timar. Viss eg ikkje får sova meir kjem det til å å bli ei pyton nattevaksthelg…..For de som ikkje skal sova på dagtid, ha ei fin helg.

søndag 31. juli 2011

Samstrikk sjal del 2

Juli 2011 044Juli 2011 045

Del 2 av samstrikket er ferdig. Har no vore ferdig ei stund, men det tek tid å blogge for tida. Det har vore mykje jobbing og når det har vore fint ver så har eg vore ute heile dagane, og då vert det lite blogging. Håpar å koma sterkare tilbake…

 

Juli 2011 048Har hatt ein liten foto runde i hagen i kveld. No blomstrar både vannlilja og nokre av rosene mine. Denne buskrosa luktar kjempe godt.

Juli 2011 057Juli 2011 058

Til deko som framleis har ferie…kos dykkSmilefjes Eg kosar meg sjølv om eg har byrja jobba att.

lørdag 16. juli 2011

Samstrikk sjal

DSC08228DSC08229

Då har eg endeleg starta på del 1 i sjalsamstrikket. Ferdig er den og på ei lita kveldstundSmilefjes Garnet har eg funne i lageret mitt, som snart byrjar likne ein liten garnbutikkSmilefjes som blunker

Garnet er frå Saffrondyeworks, Odara farge Autumn Sky 50% merino og 50% silke. Heilt herleg å ta i….