Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
Viser innlegg med etiketten Baby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Baby. Vis alle innlegg

fredag 3. januar 2014

Her kjem inga årskavalkade….

Ser på bildene mine og på ravelry at det manglar ein del som ikkje er vorte blogga. Er liksom det at det er så mykje enklare å berre slenge inn bilder på ravelry og instagram, at eg gløymer bloggen. Så her kjem eit lite bilde ras….

desember 2013 031Siste par ut i Projo sin vottealong 2013 var Margaret mittens frå Bitta Mikkelborg. Desse er strikka i pt2. Og pinne 2.5 mm.

desember 2013 039desember 2013 041Tre sitjeunderlag har det vorte. To raude og eit lilla. Dei raude er strikka i pt3 og pinne 9mm. Det lilla er strikka i ullrikka garn og pinne 9mm. Tjukke og gode vart dei. Fine å ha til pynt. Og varme å sitja på.

 

IMG_4048[1]IMG_3474[1]Og så har det vorte strikka to marius sett. 6 mnd og 3 mnd. Begge er strikka i dale babyull. Ein med raud hals og ein med blå hals, sameleis på hua.

 

IMG_4129[1]Så vart det strikka eit herre vottar i hu og hast fordi det skulle til amerika før jul. Eg hadde berre dame og unga vottar. Så då var det ikkje noko anna å gjera enn å setja i gang.. Desse er strikka i østlandsgarn og pinne 3.5 mm.

IMG_4289[1]Og sist men ikkje minst. Heart for my children av Bitta Mikkelborg. Flott mønster av ei flink dame. Vert nok fleire av desse. Kanskje julegåver til neste år. Desse er strikka i arwetta og austermann step. No har eg nett vaska dei, og arwettaen farga skikkeleg av. Vatnet vart lilla.

Så vil eg ynskja alle som er innom eit riktig godt nytt år.

lørdag 16. mars 2013

Vottar eller mittens :)

P1000578P1000579

Babyvottar etter mønster frå Rauma hefte LVS-5 selbustrikk. Dette heftet har mange fine vottar. Vottane er strikka på pinne 2.5 og 2 tr gammelserie frå rauma. Desse vottane er med i projo sin vottealong 2013.

P1000583P1000584

Så var det vottane Stripeleik. Dei er januar vottane i vottealongen til projo 2013.  Mønster Stripeleik det finn du her. Desse har eg strikka i pt2 og pinne nr 3mm. Besta vottaganet som er, vil eg påstå Smile Litt stivt og hardt å strikka med, men vert godt og mjukt etter ein liten vask. Tova desse vottane litt i tørketrommelen, så no passar dei meg.

P1000586P1000587

Så til sist  har eg strikka puddelvottane til Jorid Linvik. Enkle mønster å strikka etter. Mønster får du kjøpt her. Det er berre til å bla litt nedover sida hennar, så finn du dei. Desse er og strikka i pt2 og fin ull.

SÅ her har det litt av det eg driv med for tida, VOTTAR til store og små. Så til jul vert det sikkert vottar til heile familien Smile 

søndag 23. september 2012

Nøstebarnjakke med fletter

September 2012 178September 2012 179

Mamma her kjem ei lita oppdatering….sidan du tykjer det vert lenge mellom kva gong……

Her har eg strikka ei jakke frå nøstebarnboka. Jakka er strikka i minste storleiken og eg har brukt silkemerino, så det er ikkje noko rusk. Denne jakka er tiltenkt ein liten gut som kjem i februar ein gong. Håpar mottakeren vert nøgd Smilefjes

September 2012 181

Fine knappar med ekorn, kjem frå lageret. Hadde akuratt nok, som regel pleier det å vere ein forlite…men denne gongen var det nok.

September 2012 095Tilslutt eit lite bilete frå turen eg hadde sist veke. Då eg var med nokre strikkedamer frå arbeid på tur. Dette er i frå saltgruvene.

mandag 13. august 2012

Vogn/baby teppe.

Då har eg nok ein gong hekla eit vogn/baby teppe. Ganske snedde arbeid å ha med seg i veska. Eit nøste deligth gjev 10 ruter. Og slik held ein på. Og plutseleg har du nok til eit lite teppe.

fredag 3. august 2012

Babyteppe/vognteppe i Delight

Juli 2012 215

Her kosar eg meg med hekling av ruter som skal bli eit babyteppe/vognteppe. Alle desse rutene som ligg på utover bordet er ikkje i teppet under. Dei blå/turkise og dei raude/svarte passa ikkje inn. Men eg kan no lage fleire tepper eg. Berre hekla nokre ruter til i passande fargar og så vips har eg kanskje to tepper til Smilefjes  Faktisk ganske greit hekl å ha med seg i veska. Tek lite plass…..

 

Juli 2012 221Juli 2012 222

Mønster: Drops 124 – 1 (sjekk garnstudio).

Garn: Delight 3 nst og fabel 2 nst.

Heklenål: 5 mm.

Storleik: 65 X 72 cm.

Ynskjer du det større, så er det berre å hekle fleire ruter.

 

 

Juli 2012 224Juli 2012 223

Ha ei fin helg alle der ute i bloggverden. Eg har framleis att ei veke ferie Smilefjes

torsdag 10. mai 2012

Mosters babystrømper og vanlege sokkar.

IMG_9023IMG_9024

Mosters babytstrømper # 1904.

Måtte nett prøve meg på desse sokkane her og. Skikkeleg enkel rillestrikk.

Mønster: Mosters babystrømper frå Nøstebarn boka.

Garn: New Zealand lammeull.

Pinnar: 2.5 mm.

Storleik: 4 –12 mnd.

IMG_9025IMG_9026

Så endå eit par vanlege strikkalabbar. Desse er strikka i Online garnet som eg likar så godt, på pinne 3mm. Og dei passar nok ei dame med storleik 39 –40 i sko.

 

IMG_9013IMG_9014

I dag har eg skifta vatn i dammen. Det var så grumsete etter vinteren og pumpene klarte ikkje å ta det. Truleg er vel kanskje pumpene forsmå i forhold til dammen. Men me får sjå korleis vasskvaliteten vert fram over. Gullfiskane likte seg godt i straumen frå pumpa. Auren som gutungen hadde sleppt i dammen i haust den var og framleis i live. Eg viste ikkje at det var ein ekstra fisk der heller før no i vår då eg oppdaga ein omtrent svart fisk i dammen. Då eg fortalde dette så var det nokre gutar som smilte lurt…

mandag 30. april 2012

Marius til to fine systre.

IMG_8912IMG_8914 No har eg strikka kjolar til 2 systre, eigentleg hadde eg strikka noko anna. Men når me ikkje får ut fingen og reise på besøk, så vert det berre slik. Ting må strikkast på nytt. No håpar eg berre at me kjem oss avgarde og får levert desse kjolane før dei er forsmå dei og Smilefjes   Ser de at me framleis har litt snø att. Sola skin og varmar godt, så den forsvinn fort.

IMG_8915IMG_8916

Mønsteret er henta frå Tema 30. Masse fint i det heftet, skulle hatt småfolk sjølv Smilefjes  Nei slikt er eg ferdig med, så eg får strikka til andre sine små. Den grøne er strikka i dale baby ull og den lilla er strikka i lanett. Har berre bytt om fargane, slik at dei vart ulike men likevel høyrde saman.

IMG_8917IMG_8918

I morgon skal eg nyte fridagen med sol, varme og grilling på altanen. Og så må alle som skal feira 1 mai ha ein fin dag.

mandag 26. mars 2012

Endå ein gong vart det Korrigan.

Mars 2012 056Mars 2012 058

Er litt sløv med blogginga for tida. Finn liksom ikkje noko å blogge om. Strikkar på fleire ting samtidig og då er det lite som vert ferdig. Og så er eg sikkert litt lat….giddalaus….

Nok ein gong har er strikka ein Korrigan. Denne gong og i Ella Rae, i ein rosa lilla farge. Denne var eigentleg tenkt ei lita jente som var fødd sist månad. Jakka er ikkje akurat stor i storleiken og når jenta var stor og eg ikkje kjem meg på besøk, så vert alt dette ein dårleg kombinasjon. Så no har eg starta på noko nytt. Berre vent og sjå. 

Mars 2012 060Mars 2012 057

 

Mars 2012 052

Ei ny Jaffrey hue har det og vorte strikka. Nett same farge og garn som sist. Eg måtte jo bruke opp dei to nøstene med Heverdags. Eg har to brune og, så kanskje det vert huer i brunt og…. 

 

onsdag 29. februar 2012

Miss Korrigan i madelinetosh pashmina.

DSC08595DSC08596

Nok ein gong har eg strikka denne vesten. Likar kjempe godt dette mønsteret, enkelt men likevel litt spesielt. Denne vesten har lagt ferdig ei stund, men så var det dette med blogging då Smilefjes ja ja no er den no her.

Mønster: Miss Korrigan

Garn: Madelinetosh pashmina.

Pinnar: 3.5 mm.

Storleik: 12 år.

Truleg så vert denne ei julegåve, når den tid kjem.

DSC08597

 

DSC08603

Av restane så var det ei lita Gros djevelhue. Fyrst strikka eg den minste storleiken, men den vart alt for stor. Rekte opp att og strikka ein ny med 2 masker mindre mellom kvar felling/auking. Men kva storleik det vart på den veit eg ikkje sikkert, har ingen å prøva den på. Men eg tippar 6-12 mnd ein plass der.