Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

lørdag 16. mars 2013

Vottar eller mittens :)

P1000578P1000579

Babyvottar etter mønster frå Rauma hefte LVS-5 selbustrikk. Dette heftet har mange fine vottar. Vottane er strikka på pinne 2.5 og 2 tr gammelserie frå rauma. Desse vottane er med i projo sin vottealong 2013.

P1000583P1000584

Så var det vottane Stripeleik. Dei er januar vottane i vottealongen til projo 2013.  Mønster Stripeleik det finn du her. Desse har eg strikka i pt2 og pinne nr 3mm. Besta vottaganet som er, vil eg påstå Smile Litt stivt og hardt å strikka med, men vert godt og mjukt etter ein liten vask. Tova desse vottane litt i tørketrommelen, så no passar dei meg.

P1000586P1000587

Så til sist  har eg strikka puddelvottane til Jorid Linvik. Enkle mønster å strikka etter. Mønster får du kjøpt her. Det er berre til å bla litt nedover sida hennar, så finn du dei. Desse er og strikka i pt2 og fin ull.

SÅ her har det litt av det eg driv med for tida, VOTTAR til store og små. Så til jul vert det sikkert vottar til heile familien Smile 

7 kommentarer:

  1. Så flotte votta! Da er det ikke bare meg som driver med vottestrikk nå når det snart går mot vår;)

    SvarSlett
  2. Mange flotte votter du har strikka. Her går det også i votter og sokker som kosestrikk på kvelden!

    SvarSlett
  3. Fine votter du har strikka! Etter vær og temperatur å bedømme, kommer vinteren til å vare lenge.....
    Nå har jeg lurt på dette lenge. Er bildet av deg øverst på bloggen fra en tur til Molden? Der har jeg vært og synes jeg kjenner meg igjen.

    Fortsatt god helg!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  4. Mange fine votter! Jeg er også med på Projos vottealong, med alle som er med der ser det ut til at Norge blir godt forsynt med votter neste vinter :)

    SvarSlett
  5. Flotte!
    Kva med "I make mittens"-gruppa på Ravelry? :o)

    SvarSlett
  6. Her var det mange gode og fine par vottar du har strikka. Så driftig og flink du er :))

    SvarSlett
  7. Så mange flotte votter du har strikket. Puddelvottene står på vent her også.

    SvarSlett