Har og strikka eit sjal. Må ha noko enkelt til tv sjåing eller vente strikking. Så då vart det eit sjal med havskum mønster.
Mønster: Min eigen variant av Multnomah.
Garn: Mini Palett frå Sandnes.
Pinnar: 3.5 mm.
Tidleg tirsdagmorgon, ja ja tidleg og tidleg halv 9 så køyrte eg heiman frå. På Selseng såg det slik ut så tidleg.
Målet mitt for ture var denne dama her. Ei kjekk dame eg har møtt her inne i bloggverden.
Etter ein liten tur på den lokale strikkebutikken, så var det dette som møtte oss då me køyrde opp att til leilegheita hennar. Parkerte bilen og sprang ned att i vegen for å ta bilde av solnedgangen. Herleg…..
På veg heim att i kveld, så måtte eg berre stoppa å ta bilder.
Utruleg kor flotte fargar det er på himmelen. Slik får me ikkje her i innlandet.
Mønster: Navia 51, frå Permin
Garn: Navia Trio
Pinner: 3.5 mm og heklenål 3 mm.
Heilt greit å strikke, men eg synst dei vart litt breie. Men dei er gode og varme.
Her har me hatt ein late søndag. Johannes har laga pitapizza til middag og no held han på med eplekake. Gledar meg til den vert ferdig. Nam nam ha ein fin søndag alle saman.
Ja no nærmar det seg jul med stormskritt. Og i år er blå nissane som gjeld.
Så eg har strikka eit par, kven som skal få dei er ukjent. Ikkje likeenkelt å få dei heilt like. Den eine votten er meir tova enn den andre. Men litt sliting og draing så vert dei tilnærma like……nesten iallefall.