Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
Viser innlegg med etiketten Toving. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Toving. Vis alle innlegg

tirsdag 15. november 2011

Vin nisse.

November 2011 017November 2011 018November 2011 019

Ein liten vin nisse har endeleg vorte foreviga på bilde. Han har sete i stova i lenger tid, men enkelte ting brukar ein veldig lang tid til. Slik som å få tatt bilde. No har eg då vore ute i sola og sett på rimfrosten. Ikkje like enkelt å ta bilde av ser eg. Ikkje er eg proff heller.

November 2011 024

Litt sirompa sit han der…..

onsdag 25. mars 2009

Varm i rumpa og på føtna

No vert ein varm i rumpa og på føtna.
Tøfflane er strikka i Viking Naturgarn. Et garn som tovar veldig godt. Litt for godt kansje. Tøfflane vart stive og fine. Men eg anbefalar å strikka litt større enn det du har tenkt, slik at dei forhåpentlegvis passar.
Sitjeunderlaget er strikka i noko Viking garn det og, men veit ikkje kva type.




mandag 23. mars 2009

Toving av sitjeunderlag og tøfflar.

Sitjeunderlag og tøfflar ferdig tova. Underlaget er strikka i fritidsgarn. Tøfflane er strikka i Naturgarn frå viking. Naturgarnet tova veldig, tøfflane var strikka i storleik 38/40 men komut av maskina i 35/36. For desse svarte og kvite vart tova i lag med sitjeunderlaget. Så eg får prøve å ta neste tøfflar aleina i maskina.