
  Det var fleire år sidan me hadde vore på hytta til mor og far, så torsdag reiste me. Kom fram på hytta i 23.50 tida, etter å ha stoppa heime hjå mor og far og i Odda hjå syster mi. Fredag reiste me til Haugesund ein tur sidan det regna slik på hytta. I Haugesund der skein sola. Sola tok me med oss tilbake på hytta. I Ølen står dette huset her (bildet over) som har eit utruleg flott maleri på veggen.
   

  Laurdag reiste me på Etnemarknaden. Her måtte ungane prøva lykkehjulet og gjett om gleda var stor då dei vann 2 kg melkesjokolade.
     
  
 
  Nokre prøvde å vinne bamsar medan andre køyrde karusell. Morro er det i allefall.
   

  På marknaden var det mange boder der dei selde diverse. Mannen i huset han måtte ha seg ei soks å klyppe greiner med. Her står han og viser svogeren sin korleis den fungerer, neste steg er å prøve den. Så då var det berre å gå laus på tredna.
   
   
 
    
 
                                  I dag sit eg og Hallvard heima aleina. Manne og eldste guten er byrja på jobb atte, jentungen er og på jobb. Og eg har framleis ei veka att av ferien.