Heile påska og vel som det har gått til jobbing. Ikkje ein dag fri på nesten 2 veker. Så lysta til å bloggen den har vore ganske død…. Har vore meir oppteken med å strikke og lese andre sine bloggar, for der har eg vore… alltid kjekt å sjå kva andre gjer og lagar.
Denne påskelilja har stått og blomstra inne på spisebordet, men no har den sitt sine siste dagar og er på veg ut or huset. For å få eit nytt liv ute. Og håpar den kjem att til neste vår. Dei eg planta ifjord dei er på veg opp….
Dersom dette er Hestehov så er det dei einaste i milsomkrets. For desse har ikkje eg sett her i nærleiken. For desse må ha kome med på flyttelasset ein gong eg plukka med meg ei rot.
Slik såg ut her på 2. påskedag. No er det endå mindre.
Det har no vorte litt strikking i påska og. Nokre nattevakter og so var den ferdig denne babyjakka. Må sei eg vart fornøgd med knappane :)
Mønster: Rauma eit eller anna.
Garn: Dale baby ull.
Pinne: 2.5 og 3 mm.
Storleik: 9 mnd.
Her var det vår i luften!
SvarSlettFlott jakke.
Nydelig babyjakke!
SvarSlett