Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 25. april 2010

Eit multnomah sjal…..liknande

 

 

IMG_5567

 

Her sit eg med min eigen versjon av Multnomah sjalet. Inne på syrommet mitt, kan de sjå at det ikkje er høgt under taket:) Og så er det kjekt med eit lite sjal som kan skjule ei byrjande dobbelhake:)

Garn: Mini palett frå sandnes

Pinner: 3 mm trur eg.

Mønster: Min eigen variant av Multnomah

IMG_5568

  Dette sjalet har eg strikka for ei heil stund sidan, men eg får ikkje fingen ut og blogga det. Ikkje er det blokka heller. Men bloggast skal det uansett. Ein ting mindre på toppen av kommoden her på syrommet mitt.

Kanskje eg skal rydda litt……..nei gidd eg da då???

Ha ei fin veke alle som er innom meg her i denne dataverden:)

3 kommentarer: