Nattevaktshelg og greier, då pleier eg ikkje vera så aktiv. Kroppen er så tung, tykjer eg når eg jobbar på natta. Men i dag var ikkje den det, ikkje kunne den vera det heller. For eg hadde funne det som var av kjøttdeig i frysen, for no skulle det lagast kjøttkaker. 5.5 kg kjøttdeig var det. Veit ikkje heilt kor mange kjøttkaker det vart, nokre middagar vart det no. Middagen til i morgon er klar, berre til å varme den opp. Når eg er vaken.
Gutane i huset har bore ved inn i vedhuset i dag. Masse fin bjørkeved, så me skal no ikkje frysa til vinteren. Det har no vore so kald og surt dei siste vekene, så me har no allerede fyrt i ovnen og gud kor god varme det vert i huset…….og så koseleg.
No sit eg her og ventar på at deigen til pizzaen skal heva seg. Så då vert det kos i kveld og……..og så på natt att. Og søv gamlingane lika godt i natt, så vert det litt strikking……..
Så ha ei flott helg alle saman!!
Eg må sova når det endeleg er litt bra ver.
takk for helsinga i bloggen. Er begynt å strikke sjal av det blå garnet. mønsteret til sjalet fann eg på nettet.
SvarSlettDu har vært flink, ferdige kjøttkaker og greier;)
SvarSlettHåper du får ei rolig vakt. Ønsker deg ei god helg videre!