Her skal me opp att til Halsavatnet for minste guten ville opp der og. Så då var det berre å gå. Fiskestengene hadde dei med seg, så håpet var vel å grilla fisk på minigrillen. Men fisk vart det no ikkje. Men heldigvis hadde me pølser med oss. Pølsene var lika lang som grillen var brei.
Vegen heim var lett å gå, på ein hellelagd sti. Forbi eit sel med sau på taket.
Sidan me ikkje fekk fisk på fjellet, prøvde me lukka i dalavatnet. Og då vart resultatet 37 fine aurar. Litt forsvann på vegen heim. Nokon fekk tre og nokon fekk 5 andre fekk 2. Men fisk hadde me til middag og litt i frysen.
I dag dei kom heim, etter å ha trekkt garn, då var resultatet 47 fiskar…… så det vart fisk til middag i dag og…
Ja da vet jeg hvem jeg må spørre om gode fiskeplasser. Mannen min elsker å fiske når vi er i Norge, men han har ikke hatt så mye lykke med seg. Han liker best ferskvann.
SvarSlettSå du så bildene i avisen. Ja, jeg tror vi kjøpte opp nesten alle eksemplarene den dagen, hele slekta måtte jo få en avis..