Strikka ein liten vest til ei lita jente til jul, så no er julapressang nr 1 ferdig. Denne er strikka i mini alpakka frå gjestal.
Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
fredag 24. april 2009
Travle dagar framover…….
Ja ja so var det helg i gjenn. Dei kjem fort desse helgane, men jammen so er dei fort forbi og. No er det berre fjorten dagar til me skal ha konfirmasjon her i huset og eg sit her like rolig. Er vel ikkje like rolig i hovudet.Tusen tankar om kva som skal gjerast, men som eg ikkje gjer noko med fordi det er leeeeenge til endå…… men så er det jo ikkje lenge til. så eg kjem nok til å stressa livet av meg den siste veka
mandag 20. april 2009
Dammen fram frå snøen
No skal dammen fram frå snøen samma ka. Tjukk is var det då me hadde spadd vekk snøen. Men det var ikkje mange dagane før isen var vekke……Så no er det berre å venta på at eg skal få ny dampumpe og at temperaturen i vatnet skal stiga litt. Igår var det berre 8 grader i vatnet, litt for kaldt for fiskane.
Då eg tømt dammen og pottene med vannliljer kom fram att, så spirte dei……. eg som trudde eg måtte kjøpa nye sidan eg ikkje gadd å ta dei inn i haust. utruleg kva som overlever vinteren her i dalen under all snøen.
Denne var og på besøk hjå oss denne helga. Eit teikn på at sommaren snart kjem………men fyst må eg overleva konfirmasjonen…………………….
lørdag 18. april 2009
Urettferdig
Her har mann og eldste son vore og kost seg i dag, medan EG må sova. Eller i allefall burde sova. Var ikkje lett når den fina sola skein rett inn på sove rommet der det burde vore mørkt…………gud kor urettferdig dette er……men sidan eg ikkje fekk sova så sat eg ute å strikka samtidig som eg tømte dammen for vatn og vaska den, så no er det gjodt. Då er det berre å venta på at det skal bli litt varmare i vatnet så kan gullfiskane sleppast ut.
fredag 17. april 2009
Beising
Her jobbar mor og gutungane med overraskinga til far i huset. Han har vore på lastebilkøyring heile veka. Skal tru kva han seier når me har byrja beisa garasjen. har beisa nesten halve til no. Men no vert det litt stopp i prosjektet for ho skal til på nattevaktshelg jobbing. Så då må det prioriterast soving mellom jobbinga.
Denne veggen som eldste guten held på me har han malt nesten heile heilt aleina. Han er kjempe flink til å vera med å hjelpa til ute.
Det skal bli bra når me vert ferdige rundt garasjen. Fått støypt og lagt heller der det er sand på bildet. For no vert det dratt utruleg masse sand inn i huset. Og eg likar ikkje å vaska……
søndag 12. april 2009
Teppe endeleg ferdig
Endeleg er teppet samanhekla og kanten rundt er hekla og alle trådane festa. Da vanskelegaste var eigentleg å setja saman rutene. Tilslutt var eg så lei at eg berre hekla dei saman samma søren. Det vart nokre lange omgangar rundt heila teppet. Men no er det no ferdig, jammen er det godt. No heng det fint på den gamle sofan.
lørdag 11. april 2009
Skryte bilder av dammen
Måtte berre nett legja ut nokre bilder til av dammen min og dens spede begynnesle.Slik som bildet til venstre viser så byrja den ikkje så stor. Ein liten dam med blomstrar i bak kant. Og sidan eg hadde att litt duk så fekk eg no laga ein “liten” bekk og, med ein pitteliten dam på toppen av bekken. Den vert fyllt med frosken som sit og sprutar vatnet oppi til det renn over. Den vart litt liten men drit og. Kansje eg utvidar ein gong.
På bildet under til venstre så har eg byrja på bekken. Katten og hunden brukte dammen som vasskål. Fiskane overlevde heile sommaren for katten fekk ikkje tak i dei. Under til høgre så er den ferdig og hunden nyter synet av den.
På bildet under så er det den fyrste snøen som kom 8 oktober 08. Dette bildet tok då eg hadde kome heim frå nattevakt.
torsdag 9. april 2009
eg er med på feiring
hespetre Har jubileum for innlegg nr 200 i bloggen sin. Eg er med og feirar med ho.
Snøen skal vekk
Her er kjem ein inn på tunet vårt. Har har me hakka vekk masse snø. Men her er berre før bilde og ikkje etter bilde etter at me har hatt litt arbeid med spaden.
I går var det so masse snø på plattingen. Mellom flaggstanga og plattingen så ligg hagedammen som eg la ut bilder av ein dag før her. På det andre bildet har eg byrja spa vekk snøen, for no vil eg sjå spirer.
Og spirer fekk eg sjå. Hjerteblomsten hadde ein fin knopp på veg fram mellom blada, ikkje langt frå snøen. Her som denne kjem opp har eg ikkje spadd vekk noko snø. Her er den sjølv smelta.
Her er nokre andre spirer som eg fann. Dette er liljer. Løken ligg heilt i dagen så det er vel kansje ikkje den kjem seg . Kven veit, tida vil vise.
Nåleputer
onsdag 8. april 2009
Endå fleire penalhus
Jaja no er det vist storproduksjon av desse penalhusa i diverse storleikar. Det med spindelvevet er det minsteguten som har bestemt fargar på for det skulle han ha. Det andtre slaø det vera nokre syklistar på men dei kom kom visst ikkje så godt fram. Så på den neste må eg prøve å få syklistane meir synlege. Litt kjekt er det når ei før det til, for det er ikkje ofta eg brukar symaskina……
Hagedammen min
I fjor sommar laga eg meg ein liten hagedam. Du og du for eit arbeid det var med utgravinga. Og når det skal gravast i tung leirjord med ein del stein i. Jaja eg var jo byrja så eg fekk no berre fortsetja. Då eg var ferdig med fyrste del og hadde fyllt vatn i dammen så var tantungane og Hallvard raske med å bada……i da kalda vatnet…….. men det vart no berre med den eine gongen. Sjølv om dei har hatt lyst seinare og………………….Men NO GLEDAR eg meg til all snøen er vekke og dammen kjem fram att. Korleis den ser ut etter vinteren vert spennande og sjå. Og når temperaturen tilseier det så skal gullfiskane ut i dammen etter å ha vore i akvariet i stova no i vinter… eg gledar meg
tirsdag 7. april 2009
Endå eit stooort penalhus
søndag 5. april 2009
Tur palmelaurdag
Penalhus men likvel ikkje......
fredag 3. april 2009
Skulebollar
torsdag 2. april 2009
Små vottar i smartgarn
Nytt garn igjen
strikkesaken. No gledar eg meg berre til å få brukt det til noko, men fyrst må eg berre "nett" gjera ferdig litt andre ting.