Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
onsdag 7. mai 2014
Snø og ski rundt påske.
tirsdag 11. mars 2014
Nytt Seraphim sjal til meg sjølv......
fredag 3. januar 2014
Her kjem inga årskavalkade….
Ser på bildene mine og på ravelry at det manglar ein del som ikkje er vorte blogga. Er liksom det at det er så mykje enklare å berre slenge inn bilder på ravelry og instagram, at eg gløymer bloggen. Så her kjem eit lite bilde ras….
Siste par ut i Projo sin vottealong 2013 var Margaret mittens frå Bitta Mikkelborg. Desse er strikka i pt2. Og pinne 2.5 mm.
Tre sitjeunderlag har det vorte. To raude og eit lilla. Dei raude er strikka i pt3 og pinne 9mm. Det lilla er strikka i ullrikka garn og pinne 9mm. Tjukke og gode vart dei. Fine å ha til pynt. Og varme å sitja på.
Og så har det vorte strikka to marius sett. 6 mnd og 3 mnd. Begge er strikka i dale babyull. Ein med raud hals og ein med blå hals, sameleis på hua.
Så vart det strikka eit herre vottar i hu og hast fordi det skulle til amerika før jul. Eg hadde berre dame og unga vottar. Så då var det ikkje noko anna å gjera enn å setja i gang.. Desse er strikka i østlandsgarn og pinne 3.5 mm.
Og sist men ikkje minst. Heart for my children av Bitta Mikkelborg. Flott mønster av ei flink dame. Vert nok fleire av desse. Kanskje julegåver til neste år. Desse er strikka i arwetta og austermann step. No har eg nett vaska dei, og arwettaen farga skikkeleg av. Vatnet vart lilla.
Så vil eg ynskja alle som er innom eit riktig godt nytt år.
onsdag 4. desember 2013
Bella mittens....
tirsdag 3. desember 2013
50.000 trekking…..
Då var trekkinga gjort. Tusen takk til deko som var med.
Og vinnaren av wollmeise vart Hege
Vinnaren av malabrigo lace vart Ingunn
Og til vinnarene, send meg ein epost med adressa dekans til linda.kollsete@hotmail.com
tirsdag 19. november 2013
Projo vottealong….ei lita oppdatering.
En revant de Provence, strikka i diverse restar av Rauma finull og pt2. Kjekke vottar å strikka og ein får brukt opp litt restar.
Anemoi mittens, strikka i drops alpaca. Desse skal eg strikke fleire av, men då med fargar som gjev litt større kontrastar og passe på å ikkje stramme på oppleggskanten/fyrste omgangane.
Freja, er strikka i Rauma gammelserie. Dette mønsteret var eg ikkje så begeistra for til å begynne med. Likte best innsida på votten. Men etter at dei var ferdigstrikka, så likar eg mønsteret meir og meir.
Tiddelibom, er strikka i Rauma finull og pt2. Desse var kjempe kjekke å strikka. Fine å bruke restegarnet på. Og med mykje pt2 og finull i restegarnet så kan det bli fleire slike.
No har eg berre eit par att på denne alongen og det er desembervottane. Mønsteret på dei kjem 1 desember. Eg er klar!
Det har vorte strikka ein del andre vottar og….