Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 3. januar 2014

Her kjem inga årskavalkade….

Ser på bildene mine og på ravelry at det manglar ein del som ikkje er vorte blogga. Er liksom det at det er så mykje enklare å berre slenge inn bilder på ravelry og instagram, at eg gløymer bloggen. Så her kjem eit lite bilde ras….

desember 2013 031Siste par ut i Projo sin vottealong 2013 var Margaret mittens frå Bitta Mikkelborg. Desse er strikka i pt2. Og pinne 2.5 mm.

desember 2013 039desember 2013 041Tre sitjeunderlag har det vorte. To raude og eit lilla. Dei raude er strikka i pt3 og pinne 9mm. Det lilla er strikka i ullrikka garn og pinne 9mm. Tjukke og gode vart dei. Fine å ha til pynt. Og varme å sitja på.

 

IMG_4048[1]IMG_3474[1]Og så har det vorte strikka to marius sett. 6 mnd og 3 mnd. Begge er strikka i dale babyull. Ein med raud hals og ein med blå hals, sameleis på hua.

 

IMG_4129[1]Så vart det strikka eit herre vottar i hu og hast fordi det skulle til amerika før jul. Eg hadde berre dame og unga vottar. Så då var det ikkje noko anna å gjera enn å setja i gang.. Desse er strikka i østlandsgarn og pinne 3.5 mm.

IMG_4289[1]Og sist men ikkje minst. Heart for my children av Bitta Mikkelborg. Flott mønster av ei flink dame. Vert nok fleire av desse. Kanskje julegåver til neste år. Desse er strikka i arwetta og austermann step. No har eg nett vaska dei, og arwettaen farga skikkeleg av. Vatnet vart lilla.

Så vil eg ynskja alle som er innom eit riktig godt nytt år.

onsdag 4. desember 2013

Bella mittens....

Har vorte strikka ein del bella vottar i det siste. Trur det er 4 par. Alle er strikka i alfa frå sandnes garn og pinne nr 5mm. Raske å strikka, men ein må halde orden på mønster omgangane.
Dei grøne er strikka tidlegare, og er strikka i cascade eco, trur eg. Dei sndre i alfa.
Her har det snøa i heile dag.... Og eg kosar meg inne.


tirsdag 3. desember 2013

50.000 trekking…..

Då var trekkinga gjort. Tusen takk til deko som var med.

Og vinnaren av wollmeise vart Hege

Vinnaren av malabrigo lace vart Ingunn

Og til vinnarene, send meg ein epost med adressa dekans til linda.kollsete@hotmail.com

tirsdag 19. november 2013

Projo vottealong….ei lita oppdatering.

IMG_0094August vottane

En revant de Provence, strikka i diverse restar av Rauma finull og pt2. Kjekke vottar å strikka og ein får brukt opp litt restar.

 

IMG_0092September vottane.

Anemoi mittens, strikka i drops alpaca. Desse skal eg strikke fleire av, men då med fargar som gjev litt større kontrastar og passe på å ikkje stramme på oppleggskanten/fyrste omgangane.

 

IMG_0093Oktober vottane.

Freja, er strikka i Rauma gammelserie. Dette mønsteret var eg ikkje så begeistra for til å begynne med. Likte best innsida på votten. Men etter at dei var ferdigstrikka, så likar eg mønsteret meir og meir.

 

IMG_0091November vottane.

Tiddelibom, er strikka i Rauma finull og pt2. Desse var kjempe kjekke å strikka. Fine å bruke restegarnet på. Og med mykje pt2 og finull i restegarnet så kan det bli fleire slike.

No har eg berre eit par att på denne alongen og det er desembervottane. Mønsteret på dei kjem 1 desember. Eg er klar!

Det har vorte strikka ein del andre vottar og….

november 2013 186

søndag 17. november 2013

50.000 besøk......og give away

Runda 50.000 besøk for ei veke sidan.... Kjekt at bloggen har vore besøkt...... Sjølv om eg er blitt tregare og tregare med blogginga. Ja ja sidan eg då runda 50.000 så hadde eg planlagt gåver til to tilfeldige som legg att ein kommentar.

søndag 3. november 2013

Mariusgenser i kaunigarn.

Har strikka meg ein tynn ullgensar til å ha utan på ulltrøya, når det vert litt kaldare. Fin å ha under skalljakka og. 
Skulle bruka to nøster med kauni, og trudde det vart for lite.... Difor vart det mariusmønster på den. Eigentleg vart eg ganske fornøgd med den. Fin til tur bruk.
Mønster: marius med rund sal.
Pinner: 3 og 3.5 mm.
Garn: kauni farge w-ez.



onsdag 23. oktober 2013

Nesten på Bolsetnipa

Ligg her i senga og høyrer på regnet og drøymer om å koma meg på toppen av Bolsetnipa...
Laurdag var det bra ver, så eg sette meg i bilen og køyrde til Skei. Der møtte eg to andre damer. Målet for dagen var Bolsetnipa på 1238 moh. Me køyrde eit stykke opp over Fossheimsdalen. Der tok me beina fatt.... Rim og frost på bakkane gjorde at steinane vart glatte. Men samtidig var det ikkje så blautt i myra. 

Me traska opp over og opp over..... Rim gjekk over i snø til lenger opp me kom. Var ikkje mykje å sjå då me starta å gå, men eit stykke oppi bakkane såg me denne utsikta. Utruleg flott.

Men til lenger opp me kom, til meir snø vart det. Noko som ikkje er ideelt for små hundar med masse pels. Vetle Tassen såg tilslutt ut som ein liten snøball. Og til slutt streika han. Han gjekk ikkje ein meter høgare.... Me kom oss på Grepstadnibba og hadde eigentleg berre flate vegen bort på Bolsetnipa. Men når hunden nekta å gå lenger så var det berre å snu. 

Det var seigt å snu så nærme toppen. Spesielt sidan det ikkje var meg det sto på😉 Men me hadde ein utruleg flott utsikt likevel.

Tassen gjekk noko lettare ned att...snøklumpane var smelta då me var komt ned att til bilen. Sliten og trøytte, men neste gong skal eg på toppen.

søndag 20. oktober 2013

Nytt Seraphim sjal.....

Då har eg endeleg fått vaska og blokka det nya sjalet mitt. Det andre i dette garnet og mønster. Så no har eg to like sjal men i to forskjellige lilla fargar.
Mønsteret er Seraphim shawl av Miriam L. Felton. Fint og enkelt mønster. 
Garnet er nok ein gong Malabrigo Lace i fargen 68 Violetas. 
Sjalet vert stort og lett når det er blokka, men tovar seg litt i bruk. Det gjer ingen ting då sjalet er så stort og tynt. 

Dette sjalet vert nok brukt til alle årstider slik som det andre. Like godt på ein kjølig sommarkveld som ein kald vinter dag.

Ha ei flott haustveke. Her skin sola i dag....

lørdag 12. oktober 2013

Kollsetevatnet....

Denne sommaren har eg mange turar til Kollsetevatnet. Ein fin og grei tur opp over med fin sti og litt myr. Ein times tid frå tunet. Det er fint å bu 425 moh, ein har ikkje så langt att før ein er komen på fjellet:) Her kjem nokre bilder frå Kollsetevatnet.




Mini Marius....

Heisann folkens!
Lenge mellom kvar gong me sjåast... 
No har eg strikka den minste mariussen nokon gong. 3 mnd er ikkje stort. Fort gjort strikk og kjekt å hjelpe ei som ikkje strikkar sjølv.