Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

tirsdag 16. mars 2010

Sjal i mini palett

Mars09 045 

No har eg strikka min eigen variant av Multnoma sjalet. Eg har strikka det i Mini Palett frå Sandnes garn. Måtte strikke fleire omg slik at det vart større før eg byrja på mønsteret.  Og så var det om å gjera å bruka opp mest mulig av nøstet. Sjalet er avslutt med striper med havskum mønster, før eg felte av.

 Mars09 043

Mønster: Min variant av Multnoma sjalet

Garn: Mini Palett

Pinner: 3,5 mm

Mengde: Brukte nseten opp eit nøste på 100 gr.

 Mars09 040

 

Ellers så går det i diare her i huset, minste mann i huset har og kasta opp. Kan det ver noro viruset som regjerer eller berre vanleg diare. I allefall det er noko drit å ha i hus. Natt til mandag låg eg på alle fira og tørka spy frå badegulvet. Jippi…….men no er me no på betring…….berre jentungen som ikkje har hatt det.

Ellers så må de andre her i bloggverden ha ei fin veke.

søndag 7. mars 2010

Annlaug si Kari Traa look a like lue.

IMG_5419 IMG_5420 IMG_5421

Mønster: Samme som innlegget under.

Garn: Dobbel Dale babyull.

Pinner: 4.5 mm

lørdag 6. mars 2010

Hallvard si Kari Traa look a like lue.

IMG_5407 IMG_5405 IMG_5406

Mønster:Niko

Garn: Dei blå er Merino Big og kvit er dobbel babyull.

Pinne: 4.5 mm.

Storleik: Hallvard 8 år.

torsdag 4. mars 2010

Ishbel nr 4

IMG_5396Mitt fjerde Ishbel sjal. har vore ferdig ei stund, har lagt ei stund til blokking og har vorte fotografert for ei stund sidan. Så her tar ting tid fortida. Når ein går med smerter i hofta/ryggen så begrensar dagane seg. Nok om det.

Garn: Saffron

Pinner: 4mm trur eg.

Mønster: Ishbel

 IMG_5391 IMG_5392  IMG_5395

Wollmeise

IMG_5398 IMG_5399 IMG_5403

Bildene får tala for seg sjølv.

fredag 26. februar 2010

Fjellsport oppdatering 2

Februar10 398

Midt i bildet var starten til Kinesiskutfor under fjellsportfestivalen 2010.

Kinesiskut so startar alle samtidig på toppen og det er om å gjera å koma fyrst i mål. Vinnaren vart Steinar Ness frå Sogndal.

Februar10 398 Dette bildet viser eit lite utsnitt av same bildet. Det var 80 startande.

 

 

Februar10 429

Februar10 482

Her er dei byrja koma i mål etter å ha brukt 2.5 min frå start.

Februar10 497 Februar10 499 Februar10 502 

Me andre kosar oss i målområdet. Med pølser og kina mat. Inga Kinesiskutfor utan kinamat.

Februar10 503

 Februar10 310 Februar10 311 Februar10 312

Desse tre bildene er av Hallvard som hoppar på hoppet dei har bygd inne i storhallen. Hallvard var med og bygde dette på onsdag kvelden, så det var jo klart han skulle prøva det. Eg hadde aldri gjordt det……..ver du sikker.

Dette var eindå ein kjempe dag under Fjellsport festivalen 2010. Meir kan sjåast på Vestlandsrevyen.

I morgon er det jobb att for meg. Men eg får vel med meg siste dag på søndag.

torsdag 25. februar 2010

Fjellsportfestivalen 2010

 IMG_5072IMG_5059IMG_5044  IMG_5077 IMG_5084 IMG_5108  IMG_5110 IMG_5118

Nokre små innblikk i barnas dag på Selseng under Fjellsport festivalen 2010.

I morgon er det Kinesisk utfor. Der mannen skal delta………så får me sjå om han kjem seg heilskinna ned.

mandag 22. februar 2010

Marius tunika er fint OL strikk.

IMG_5012 IMG_5013  IMG_5011

No har eg strikka tunika til meg sjølv. Har brukt mønsteret til ein mariusgensar. Og gjort om litt på den og uten armar so vert det ein tunika. Skulle eigentleg verta ein vest, men som de ser så vart bolen litt lang. Slik er det når ein er litt ivrig under skiskyting. Til meir spennande det vert, til fortare går strikkepinnane. Må og sei at den vart Skikkeleg fin utan på rosa stilongs og trøye :) Men slike er det når ein skal ut i snøen og ein må blogga den fortast mulig.

Eg er ikkje heilt fornøgd med armhola, for dei kunne vore litt mindre. Men eg strikkar kanskje fleire slike eg. For den var rask å strikka.

Mønster: Litt omgjort frå Sandnes.

Garn: Alpakka frå sandnes.

IMG_5007

lørdag 20. februar 2010

WOLLMEISE IN LOVE

IMG_4923Pakke i posten i dag og. Og det er andre pakken frå wollmeise i Tyskland. Skal tru dette vert dyrt i lengda. Trur eg må bestille berre eit hespe om gongen, for eller så kjem fortollinga i tillegg. Toll er noko forbanna drit. Toll på garn!!!!

Så denne wollmeise forelskinga vert dyrt i lengden. For no har eg handla 3 fredagar etter kvarandre. Litt kjekt, for det er ganske spennande å sjå kva ein set att med tilslutt. For her forsvinn garnet frå handlekorga fortare enn F…….

IMG_4921

Dette er fyrste vekas fangst.

 

 IMG_4928

    

IMG_4927

 

 

 

 

 

Desse to bildene nederst er andre vekas fangst. slik vert det når ein har oppdaga Wollmeise sin oppdatering på netthandelen kvar fredag. Og eg som har vore sjukemeldt desse fredagene, så har det vore kjekt å sitja framfor datan og venta på oppdatering. Men dyrt vert det, så no får eg til å jobba att, for dette går ikkje. Og ein ting til jammen godt mannen ikkje er heima so mykje når posten kjem her med pakkar til meg………:) Då trur eg han hadde hoppa i taket :) Eller?

Jaja no får eg venta på neste sending frå tyskland og så får eg håpa at eg jobbar dei neste fredagane:)

Ha ei fin helg alle saman!!!!!

mandag 15. februar 2010

Herlege søndag og ferdigstilling av siste par vottar for ei stund…..trur eg

IMG_4858 IMG_4863 IMG_4873

Me måtte ha oss ein tur ut på søndag. Og sidan ski ikkje er aktuelt for meg for tida så er det berre å ta beina fatt. Eg og minste guten i huset vart med dei andre fram i skitrekket og så gjekk me heim att i lysløypa. Utruleg flott ver tidleg på dagen, men det skya meir og meir over seinare på dagen.

 IMG_4870  IMG_4887

Tissepause var og nødvendig. Ikkje nok med at han skulle tissa, men han vassa ut i laus snøen, la vottane att med seg og leita fram vetle karen. Kanskje den  ikkje var så lett å finna med alle kledna på……….Kvilepause måtte og til når han hadde sigla ned gjennom skogen, der treffte han tremenningen sin.

IMG_4892Eit lite bilde av huset vårt i sola.

 

 IMG_4917 IMG_4918 IMG_4919 Og så var det sista paret med vottar for ei stund trur eg………er i allefall litt lei av å strikke vottar. Men det vert nok fleire seinare. Trur eg er litt små lei strikking og for tida. Har vorte mykje strikking i vinter, men no med ein kranglete rygg og det inneber at eg ikkje kan sitja for lenge så vert det ikkje mykje strikking……vert meir turgåing……og det er no berre positivt…