Siste paret av samme nøste. Mini Palett frå sandnesgarn, fekk nok til tre par med pulsvarmarar. Sista paret litt kortare enn dei andre, kunne nok vore nokre cm lenge men, men slik er det når ein er redd for å gå tom for garn. Sjølv om eg kunne kjøpt meir, men poenget var å ikkje få meir restar. Mønsteret er utgangspunkt frå dei eg strikka tidlegare.
Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
lørdag 31. oktober 2009
fredag 30. oktober 2009
Flower basket sjal.
Her ligg mitt fyrste Flower basket sjal til blokking. Endeleg ferdig, har brukt lang tid på det, for eg har mange andre småprosjekt innimellom. Men no er det no i allefall ferdig.
Garnet er Melodi frå Jojoland.com, kjøpt her. I lilla og grønt. Brukte pinnenr 4.
Dette vert nok ein liten julapressang. Så då var det ein mindre på lista mi. Det er godt kva som er gjort før desemberlønninga kjem på konto.
I dag skin sola her i Sogndal. Haustfarganane forsvinn litt etter litt og alt vert brunt, før snøen kjem. Fuglane flyr i skytteltrafikk mellom foringsbrettet utanfor kkjøkenglaset og ei stor bjørk 5 meter frå huset. No er det matingstid for småfuglane. Og travelt for Tassen som skal passa på dei og skremma dei vekk, med bjeffinga si.
Eg skal snart på seinvakt, har arbeidshelg.
De får ha ei god helg allesaman.
torsdag 29. oktober 2009
Ny garnbutikk kaffibar.
I dag opna det ein ny butikk på Pyramiden i Gaupne. Den har både kaffi og garn. Den skal selje garn i frå Drops/garnstudio. Og i dag på opnibga så hadde dei 15% avslag på alpaca og eskimo garn. Så då var det berre å handle litt då. Pengar spart er pengar spart. Hadde vel spart meir om eg hadde holdt meg heima, men det var jo avslag………….
14 nøster med alpaca og 3 nøster merino extra fine. Kva garnet skal brukast til det er endå uvisst. Men små tankar om det har eg no, time vill show….eller korleis ein no skriv det. Engelsk er ikkje mi sterkaste side.
Litt ryddigare bilde av garnet.
Då me (gutungane var og med) kom heim att og henta posten så var det brev til minste guten. Brevet var frå helsestasjonen, angåande påfyllingsvaksine av stivkrampe og div. Då eg opna brevet og byrja lese, så byrja gutungen å grine, for han skjøna kva det var. Han ville ikkje ta sprøyta. Storebroren har nemleg fortalt av i 2. klasse så skulle dei få sprøyta, noko som då ikkje har vore heilt godt motteke. Men det går seg vel te, no har me hatt prøvestikking på armen med ein kulepenn og kansje det ikkje var så gale likevel. Tida vil vise når dagen kjem for stikking.
søndag 25. oktober 2009
Pulsvarmarar
Ja i dag har eg berre slappa av og strikka litt. Iallefall nesten, har vel nett sett på ei eller to vaskemaskiner med kle som og er komt på snora. Strikka har eg no gjort når maskina tok seg av vaskinga.
Desse pulsvarmarane er strikka i Mini Palett frå Sandnesgarn. På pinner nr 3. Fyrst strikka eg eit par, men dei vart so ulike i storleik ( hadde strikka strammare den andre). Så då var det berre å setja i gang med neste pulsvarmar, men litt ulike vart no dei og. Men det går seg vel te. Snart har eg to par med pulsvarmarar. Rimelig kjapt og grei strikking. Men kansje vanskeleg å få to heilt like. Strikkar eg mange nok, må vel nokon vera like.
I morgon er det på jobb på Sy og stikkebui att. Eg gledar meg.
Ha ei flott veka allesaman!!!!!
tirsdag 20. oktober 2009
Luer til jul.
Ja hva skal man si…?????
Ulike bilder men samme farge, og kva bilde er mest likt virkelegheita? Jau bildet i midten. Og i mangel av å bruka andre sidan alle har lagt seg, må eg bruke meg sjølv. For bildet der det berre ligg flatt på ein krakk er ikkje mykje fint. Stilgt nøste forresten…..såg ut som ein blomst til mindre det vart.
Lua og halsen er strikka i Extra Merino frå Schachenmayr og pinne nr 4. Mønsteret henta eg her . Kjempe fint mønster så det vert nok strikka fleire huer i dette. Så no er det ein julapressang mindre på lista mi.
onsdag 14. oktober 2009
Snart ferig men likevel noko nytt og…….
No er snart nissane påkledd. Manglar berre ein gensar og vottar til alle nissane. Det er stakkars far i huset som ikkje har fått ferdig alle kledna, men eg trur ikkje han klagar likevel.Men sjølv om ikkje alle nissekledna er ferdige så må eg berre byrja på noko nytt. Vert litt lei av det samma så då må eg berre byrja på noko nytt. Sjølv om eg har fleire andre på begynte prosjekt……..at eg aldri lærer!!!!!!
Men noko vert no ferdig inni mellom som denne jakka som er julapressang til ein tantunge.
onsdag 30. september 2009
Det snør det snør tiddelibom…….30 september
Denne værhanen står inne på altanen og blomstrar så fint. Utanfor (under) så snøar det.
På 5 minutt så forandra det seg frå ingen snø til snøkvitt. Jippi seier ungane, no er det ikkje lenge til før me kan på ski i Hodlekve. Å nei tenkjer mora som skal ut å køyra bil i morgontidleg kl.07 og så på sommar dekk. 2 grader ute no, men kva med i morgontidleg??????? Trur de eg gledar meg NEI!
DENNE VINTEREN KJEM ALT FOR TIDLEG……
tirsdag 29. september 2009
Snøbarna
Sydde meg ein ny strikketøypose ein dag det var ruskever………..den eine dagen det var………ha,ha,ha,ha eine dagen.
Måtte jo ha ein ny til nytt strikketøy. Det nærmar seg jul med stormskritt, så det er berre å strikka.
Litt strikking og så vart dei ferdige, i morgon skal dei på utstilling i butikken som eg jobbar litt i.
søndag 27. september 2009
Dysleksihelg i Innvik.
Denne helga har eg, Jarle og Johannes vore i Innvik på dysleksi kurs. Utuleg spennande har det vore. Lært kjempe masse.
På laurdags ettermiddag hadde me meldt oss på tur. Ein lett tur på ca 0,5 time ein veg. Fyrst skulle me opp i ei grotta. Guiden fann den ikkje, måtte rota rundt i skogen ei stund. Viste seg i ettertid at han hadde ikkje vore der på 20 år.
Ganske ustø på handa foto grafen her.
Etter grotta skulle me til ein foss, og den kunne me gå under.
Me har hatt ei kjempe fin helg i Innvik denne helga.
lørdag 19. september 2009
Hemmelg venn
I dag fekk eg endeleg HV pakke i posten. 4 nøster regia garn og ein sjokolade. Sjokoladen er på god veg ned i magen. Tusen takk for pakken som eg trur eg veit kven er i frå….