Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 29. oktober 2009

Ny garnbutikk kaffibar.

 

IMG_4263 I dag opna det ein ny butikk på Pyramiden i Gaupne. Den har både kaffi og garn. Den skal selje garn i frå Drops/garnstudio. Og i dag på opnibga så hadde dei 15% avslag på alpaca og eskimo garn. Så då var det berre å handle litt då. Pengar spart er pengar spart. Hadde vel spart meir om eg hadde holdt meg heima, men det var jo avslag………….

IMG_426014 nøster med alpaca og 3 nøster merino extra fine. Kva garnet skal brukast til det er endå uvisst. Men små tankar om det har eg no, time vill show….eller korleis ein no skriv det. Engelsk er ikkje mi sterkaste side.

 IMG_4262IMG_4261Litt ryddigare bilde av garnet.

 

Då me (gutungane var og med) kom heim att og henta posten så var det brev til minste guten. Brevet var frå helsestasjonen, angåande påfyllingsvaksine av stivkrampe og div. Då eg opna brevet og byrja lese, så byrja gutungen å grine, for han skjøna kva det var. Han ville ikkje ta sprøyta. Storebroren har nemleg fortalt av i 2. klasse så skulle dei få sprøyta, noko som då ikkje har vore heilt godt motteke. Men det går seg vel te, no har me hatt prøvestikking på armen med ein kulepenn og kansje det ikkje var så gale likevel. Tida vil vise når dagen kjem for stikking.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar