I dag fekk eg endeleg HV pakke i posten. 4 nøster regia garn og ein sjokolade. Sjokoladen er på god veg ned i magen. Tusen takk for pakken som eg trur eg veit kven er i frå….
Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
lørdag 19. september 2009
tirsdag 15. september 2009
Ein liten tur for ryggen……
Utruleg flott ver i dag. Men kva skal i gjera når ein har vondt i ryggen? Sitja i ro i ein stol, det hjelper i allefall ikkje. Så då var det berre å ta på seg skodna, og ut å gå. Ryggen kjente eg ikkje medan eg var på tur. Men eg har kjent den etter på, i tillegg til at eg no er heilt gåen i føtna…….men det går vel fortare over.
Flotte fargar var det i fjellet. Blåbærlyngen var nokre stader heilt raud.
Medan eg gjekk vart det fleire og fleire skyer på himmelen. Og mørkare vart dei. Så no regnar det ute.
Godt eg tok den turen…..sjølv om ryggen ikkje er så mykje betre…
mandag 14. september 2009
Vesten ferdig
Ein bursdagspressang ferdig, eigentleg var det ein julapressang. Men jenta som skal få den har bursdag i oktober, så då kan ho heller få den då. Her er det Hallvard som er modell.
Her er helga arbeidet til mannen i huset og eldste guten. Mannen støyper og guten blandar. Kva skulle han gjort uten Johannes??????? måtte gjort det aleina……
Søndag var det fotballturnering. Siste kampen stod Hallvard i mål. 4 vinn og 1 tap. Dei var utruleg flinke.
mandag 7. september 2009
Ein liten tur ut i regnet.
Me hadde oss ein liten tur ut, måtte lufta vetet. Då me gjekk ut var det opplett, men regnet kom på oss kan de tru. Det er ikkje fritt………..liten fare for at det skal tørka ut. No har me sete i sofan og ete havregraut og drukke kakao, og sett på jakten på kjærligheten.
lørdag 5. september 2009
Nattevakt og kjøttkaker
Nattevaktshelg og greier, då pleier eg ikkje vera så aktiv. Kroppen er så tung, tykjer eg når eg jobbar på natta. Men i dag var ikkje den det, ikkje kunne den vera det heller. For eg hadde funne det som var av kjøttdeig i frysen, for no skulle det lagast kjøttkaker. 5.5 kg kjøttdeig var det. Veit ikkje heilt kor mange kjøttkaker det vart, nokre middagar vart det no. Middagen til i morgon er klar, berre til å varme den opp. Når eg er vaken.
Gutane i huset har bore ved inn i vedhuset i dag. Masse fin bjørkeved, så me skal no ikkje frysa til vinteren. Det har no vore so kald og surt dei siste vekene, så me har no allerede fyrt i ovnen og gud kor god varme det vert i huset…….og så koseleg.
No sit eg her og ventar på at deigen til pizzaen skal heva seg. Så då vert det kos i kveld og……..og så på natt att. Og søv gamlingane lika godt i natt, så vert det litt strikking……..
Så ha ei flott helg alle saman!!
Eg må sova når det endeleg er litt bra ver.
søndag 30. august 2009
Panneband nr 2
Så var neste panneband ferdig. Han klarte å bestemma seg for kva han skulle ha tilslutt. Det skal nemleg ikkje vera enkelt.
Dette er og hekla i petunia frå Pt på heklenål nr 3.5. Og i frå samme oppskrift hefte som innlegget før.
Og da nesta dei meiner at eg skal laga det er hekla huer i forskjellige variantar. Me får no sjå kva det vert til…….kva eg har lyst til..?
Ha ellers ei fin veka i regnet. For regnar det gjer det i allefall her
lørdag 29. august 2009
Panneband
tirsdag 25. august 2009
Laugi
Her klorar furutreet seg fast til bakken. Det er ikkje mykje som skjuler røtene.
Eg og Tassen har vore på lang tur i dag. Me gjekk fram over til laugi i Gunvordalen. Gjekk på venstrasida av elva fram og heim att gjekk me på høgresida. I frå me gjekk til me kom tilbake til bilen hadde me brukt 2 timar og 15 minutt. Det er bra det til å vera den slappe kroppen min. Den er ikkje slik som den ein gong var…….
Ligg nedi lyngen for å ta bilde, jammen er det koseleg.
Trudde eg var komt fram til vatnet som skal vera her langt framme i dalen, men nei då det var laaaangt at til vatnet.
No sit eg her og kjenner at eg er stiv og støl i beina. Får slappa av med litt hardangersaumsying.
søndag 23. august 2009
Sokkar
Det er ikkje alltid lika kjekt å strikka sokkar. Kjedeleg eigentleg, føles litt som plikt. Men i friske fargar så går det no. Litt seint, men det går no litt innimellom ting som er kjekt å laga. Dei grøne er strikka i Fabel. Og dei skal eg bruka sjølv når eg skal i slalombakken til vinteren. Godt med nokre tynne strikkalabbar.