Her kjem eit lite bilderas frå ettermiddag/kveldens tur. For fyrste gong har eg fått med ein av ungane på tur. Og me har hatt ein tur utan klaging og syting. Bortsett frå at han tykte det var kaldt då me nærma oss toppen. Der var det kald vind, då det er ikkje så rart han klagde litt då.
Her studerar han skiltet. og det er framleis 2.9 km att. Det var sol då me starta å gå, men den var på veg ned sidan det byrja å verte kveld
Det hadde vore nokon før oss, men dei var nok heim att komne før me starta på turen vår….Då me sigla ned att var skispora våre nesten att blesne. Godt me er kjende.
Her nærmar me oss toppen. Der holdt me på å blåsa vekk. Det var berre å halda på ski og alt som var laust.
Etter obligatorisk fotografering, var det av med feller og rett ned att.
Kjempe stolt av deg Hallvard.