Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 3. august 2012

Litt fjellturbilder…..

Juli 2012 119

Kollsetevatnet på flata midt i bildet. Helleberget fjelltoppenn midt i bildet.

Juli 2012 120

Tassen lurer på om me skal gå litt lenger…

Juli 2012 123

Kollsetevatnet….framleis litt snø att her..

Juli 2012 124

Hytte ved Kollsetevatnet

Juli 2012 126

Då eg og Tassen var komt opp så var det “flate” vegen vidare, mot Nipevatnet.

Juli 2012 127

Nipevatnet, og rundar ved foten av Reppanipa.

Juli 2012 129

Nipevatnet til høgre og Rundavatnet til venstre. Ei lita hytte står mellom desse to vatna. Godt det ikkje er flo og fjære på fjellet.

Juli 2012 131

Så har eg runda Reppanipa og er på veg ned att til sivilisasjonen.

Juli 2012 133Juli 2012 134

Bekkar og stryk måtte kryssast. Nokre plassar var det blautt og sleipt. Men smilet viser vel at det var ein fin tur.

Juli 2012 139

Dagen etter turen på Kollsetevatnet så viste me Litauarane kor fint det kan vera på fjellet i Noreg. Nuken var målet den dag. Dette var ein av dei fine dagane me har hatt dei siste vekene.

Kor går turen neste gong?

5 kommentarer:

  1. Ja eg er spent på å sjå kvar den går. Har også hatt ein deilig dag i fjellet idag. Litt snø møtte vi og, men ikkje så mykje som i dine trankter. Artig kor desse namna på vatn og stader går igjen mange plassar. Regnar med at du har vore ute og gått i Sogn???
    God helg!
    KariLklem:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja desse bildene er i nærleiken av der eg bur. Kollsetevatnet og fagereggi er rett oppi fjellet her over huset.

      Slett
  2. Så flott landskap, nesten så jeg venter å se troll.....

    SvarSlett
  3. Dette er mat for meg, vet du! Skulle gjerne gått den turen sammen med deg. Det eneste fjellet jeg har vært på i Sogn er Molden, og det var en fantastisk tur med vidt utsyn.

    Koselig at du legger ut turbilder! Det liker jeg!

    God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Du får koma på besøk Ingunn så skal eg ta deg med. Det går litt tregt i opp over bakkane, men når eg er oppkomen så kan eg gå lenger. I dag har me vore på Tylderingen. Og no skal me snart ha i oss litt reker.

      Slett