Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
onsdag 28. mars 2012
Tjukkelabbar i lange banar......
Eg har sagt mange gongar at eg likar å strikke labbar, men jammen har laga nokon likevel. Det såg då eg gjekk gjennom behaldninga til ungane. Så kanskje eg likar det litt innimellom:)
mandag 26. mars 2012
Endå ein gong vart det Korrigan.
Er litt sløv med blogginga for tida. Finn liksom ikkje noko å blogge om. Strikkar på fleire ting samtidig og då er det lite som vert ferdig. Og så er eg sikkert litt lat….giddalaus….
Nok ein gong har er strikka ein Korrigan. Denne gong og i Ella Rae, i ein rosa lilla farge. Denne var eigentleg tenkt ei lita jente som var fødd sist månad. Jakka er ikkje akurat stor i storleiken og når jenta var stor og eg ikkje kjem meg på besøk, så vert alt dette ein dårleg kombinasjon. Så no har eg starta på noko nytt. Berre vent og sjå.
Ei ny Jaffrey hue har det og vorte strikka. Nett same farge og garn som sist. Eg måtte jo bruke opp dei to nøstene med Heverdags. Eg har to brune og, så kanskje det vert huer i brunt og….
mandag 19. mars 2012
Nysnø!!!!!
søndag 11. mars 2012
Little Things lue og pulsvarmarar.
Endeleg ferdig med denne hua, etter å ha rekt den opp ein gong. Sidan den var forliten, men hadde eigentleg tenkt å strikke ei ny. Men fann ut at det var best å rekke den opp, så slapp eg å kjøpe nytt garn. Lurt ikkje sant To nøster med Sterk er no vorte hua og pulsvarmarar. Ganske greit å få brukt det opp med ein gong og.
Mønster: Little Things på hua.
Garn: Sterk frå DSA.
Pinnar: 3 og 3.5 mm.
Pulsvarmarane har eg laga mønster til sjølv, med utgangspunkt i hua. Jaja, eller mønster og mønster, har no rabla ned noko på eit papir. Som sikkert berre er forståeleg for meg
Var på Nille i går, og der hadde dei desse fine hønene/hanane og to av dei måtte berre vera med heim. Hanen kan ein fylle med påskegodt om ein vil….
PS eg har framleis att nokre Wollmeise garn…
fredag 9. mars 2012
Soulmate sjal frå DSA.
Her kjem eit lite bilderas av det siste sjalet eg har strikka. Sjalet er strikka i garn frå den nye serien til Du store alpakka, Dreamline. Eit florlett sjal, som veg omtrent ingenting. Dette heng no på Sy og strikkebui i Sogndal.
onsdag 7. mars 2012
Eg sel litt av Wollmeisen min.
220 kr. pr hespe, då er portoen med. Ein kommentar med epostadressa di, så tek eg kontakt.
Det er ein av kvar farge.
100% Merino Superwash
Mörhrchen orasje
Pfefferminz Prinz
Bilder lånt frå Wollmeise http://shop.strato.de/epages/61425309.sf/en_US/?ObjectPath=/Shops/61425309/Categories/%22In%20Stock%22 her kan du og søke på fargen.
Ta kontakt dersom det er noko du vil ha.