Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 19. januar 2012

Selbuvottar!

IMG_0692IMG_0693IMG_0694

Desse vottane vart skikkeleg små! Til og med til mine så hender så vart dei tronge. Neste gong skal dei i allefall strikkast på større pinnar. 2mm er jammen tynt, men det var det som stod i oppskrifta. Likar mønsteret godt, så eg får prøve meg på tjukkare garn og pinnar. Kanskje dei vert passeleg til større hender då. Vottar treng me no i desse snøtider.

IMG_0695

Mønster: Rauma

Garn: Pt 2.

Pinner: 2 mm.

Storleik: Lita jente hand.

 

IMG_0696IMG_0702

I dag var eg ute og laga veg bort til grinda, berre i nattserken Smilefjes. Tenkte ungane skulle få sleppa å vabba gjennom 40-50 cm snø, når dei skulle på skulen. No er endeleg fresen i orden att og, så då vert det litt meir snørydding i da. Tusen takk Odd Rune for at du fiksar da mesta.

IMG_0700IMG_0701

Medan eg fyrst var i gang med bildetaking i dag, og det var 50 mm linsa som var på kamera, så tok eg bilder av orkideane eg har i stoveglaset. Var dei ikkje fine?

No er det straks nattevaksthelg att. Så de får ha ei fin helg.

13 kommentarer:

  1. Skikkelig fine votter! Synd de er så små, men pinner nr. 2 er da veldig tynt. Her jubler vi over 5 cm nysnø, så jeg er litt misunnelig på deg med all den snøen. Men det er vel noe som heter alt med måte. God helg!

    SvarSlett
  2. Så flotte vottar! Synd at dei ikkje vart slik du hadde tenkt, men dei kjem vel gjerne til nytte som ei gåve ein gong? :)

    Ha ei flott nattevaktshelg! Her satsar eg sterkt på å komme meg på ein eller anna friluftsrelatert tur i løpet av helga. Om det så berre vert kaffikoking og pølser på eit bål atmed bilvegen.. ;)

    SvarSlett
  3. Nydelige votter, ergelig at de ble for små. Men de blir nok flotte presanger da? :)
    Ha en flott kvelde:)

    SvarSlett
  4. Ja desse vottane vert nok liggande i gåvekassen. Kjekt å ha noko der og :)

    SvarSlett
  5. Fine selbuvotter som varmer godt en kald vinterdag.
    Ser at dere har godt med snø. Skulle gjerne hatt noen cm snø her i Tromsø i stedet for delvis snøfritt og blankholke:(
    Ha ei fin helg.

    SvarSlett
  6. Nydelige votter. Synd at dei vart i minste laget. Du finn sikkert nokon dei passar til og då blir det jo ein flott presang.
    Snø har vi ikkje, berre slaps og det er ikkje noko kjekt.
    Du verden så flotte orkidear du har. Har vel grøne fingrar og då :)
    Ha ei god nattevaktshelg!

    Klem:)

    SvarSlett
  7. Kjempeflotte selbuvotter!! Det vert nok nokon som blir glad når dei får dei:)) Ynskjer deg god helg:))

    SvarSlett
  8. Herlige votter :O) Jeg har kjøpt meg et par sånne,for av en eller annen grunn så får jeg ikke til tommelen he he :O)Klem fra Bente :)

    SvarSlett
  9. Fine votter,jeg fikk garn fra Norge for selbuvotter og har kjopt boka av Annemor Sunnbo,saa naa vil jeg strikke votter ogsaa.Ha det godt.Hilsen Mary Ann,og ha en fin helg.

    SvarSlett
  10. Dette var noen ordenteloge flotte votter. Flott arbeidet :)

    SvarSlett
  11. Hei! Koselig at jeg fant tilbake til bloggen din.Besøkte deg ofte da jeg hadde bloggen Wenche`s Sysler.Nå har jeg åpnet ny blogg for 8-9 mnd siden.Prøver å finne tilbake til gamle bloggvenner,og det er alltid et gledelig gjensyn:)
    Har tenkt på deg,du var jo så snill å sende meg garn som jeg manglet til en vott.Har ikke glemt det.Vet ikke om du fikk gaven jeg sendte deg som takk? Det var bare en liten ting for å vise at jeg satte stor pris på det.
    Ser dere har mye snø.Her nord har vi såvidt hvitt på bakken,mest is.
    Ha en fin søndag Linda!
    ~klem~

    SvarSlett
  12. Skikkelig fine og tradisjonelle votter.

    SvarSlett
  13. Her er vottane og blomane like fine..
    Ha ei flott veke.

    SvarSlett