Nok ein gong har eg strikka denne vesten. Til no har eg strikka 2 vestar og 2 babyjakker i detta mønsteret, ofte slik når det er noko eg likar. Fint og enkelt mønster nemleg. Truleg vert det nok fleire og . Kanskje til jul…..
Mønster: Miss Korrigan
Garn: Pali frå saffrondyeworks.
Pinner: 3.5 mm.
Storleik: 2 år, med litt meir lengde.
Her i huset går det i maling av stoveglasa, no vert dei nemleg kvite. Tidlegare var dei trekvite, men no er det nye tider……så maling pågår. Eit herk eigentleg….eg må ha så mange strøk. Så no er eg litt lei…Ha ei fin veke alle som kikkar innom velomen nye følgarar.