Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

lørdag 13. februar 2010

Vottar ei lita oppdatering

IMG_4855 IMG_4853

Endå eit par med vottar. Men no kjenner eg at eg byrjar verte lei av å strikke vottar. For dette trur eg er par nr. 10 sidan jul. Desse er strikka i svart og rosa. Svart og rosa tykjer eg er fint i lag, men til desse vottane så veit eg ikkje heilt om eg tykjer det er fint. Men ei jente på 6-7 år syns sikkert dei er fine.

Mønster: pt design 82.

Garn: pt 5 sport

Storleik: 6-8 år.

Det er lite blogging for tida, har byrja på fleire nye prosjekt denne veka. Difor vert liksom ingenting ferdig heller. Ryggen er og kranglete, og sjølv om eg er sjukemeldt så klarar eg ikkje å sitje for lenge heller. Og no er eg sjukemeldt på andre veka, og byrjar verte dritt lei. Eg kan jo ikkje gjera ein drit…. Ikkje kan eg på slalom ein gong, mann og ungar reiser i bakken og her sit eg. Rett og slett er mesunnelig og kjedar meg. For når eg ikkje kan, så har eg iallefall lyst….ÅÅÅ eg e so lei.

Ha ein fin laurdags kveld….med ol og alt.

4 kommentarer:

  1. Huffda, ryggondt er ondt!
    Flotte votter fra deg igjen;)
    Du må passe på ryggen din! Ønsker deg god bedring og klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Oi, detta høyrdest ikkje noko godt ut......med vond rygg.Håpar den kjem seg kjapt, so du kjem deg i "vigør" igjen.
    God bedring og god sundag!

    SvarSlett
  3. Utrolig fine votter du strikker!
    Så håper jeg ryggplagene dine gir seg, god bedring,- og ha en fin søndag :)

    SvarSlett
  4. uff,høyrest ikkje godt ut med dårleg rygg, men du kan vel strike ?
    Vottane var fine . Svart og rosa er fint i lag.

    SvarSlett