Er trøytt og slapp for tida. Er vel vårslapp som da heiter, eller ein kombinasjon av å vera litt utsleten etter konfen. Men no nærmar det seg ferie med stormskritt……..og det vert vel kansje like travelt då……..turar både her og der….men i all denne slappheita så er det avslappande å sitja å sjå på tulipanane og dammen. Fiskane som glir gjennom vatnet…..det er avslappande. Avslappande er det ikkje når eg no skal til å bera/samla saman litt meir stein til å ha rundt dammen. Skal dekka til jorda med singel.
Denne veste raudvingetrosta fauk rett i glaset ute på altanen. Høyrde berre eit dunk og der låg den. Tassen snusar på trosta medan ho framleis er i live. Men ho døydde seinare, tolte ikkje krasjet.
Sjølv i slappheita så må eg gjera litt……eller må og må….har no valgt da sjølv. Då me malte huset vart denne benken grøn slik som listene på huset. Men no er listene vorte kvite så måtte benken bli kvit og. Og jammen vart den ikkje finare og i kvitt.
Var ein tur på Leikanger på Oasen Hageland. Og då køyrde eg forbi statenshus……….der blomstrar rhododendronane
Ha ei fin Pinsehelg alle saman, heldigaste er de som har fri….. noko som ikkje alle har :)